(Illustrasjonsfoto: A-krim Rogaland)

Færre enn nokon gong seier at dei kjøper svart

Aldri før har så få oppgjeve at dei kjøper tenester svart, viser ei spørjeundersøking frå Skatteetaten. I år er talet på berre seks prosent.  

På få år har aksepten for å kjøpe svart arbeid og tenester gått kraftig ned. I 2009 var det nær ein av fire (23 prosent) som sa at dei kjøpte tenester svart. I 2022 er talet nede på seks prosent, skriv Skatteetaten.

Les også: Håndverker og 11 kunder dømt for svart arbeid

– Det er svært positivt

Opinion har på vegner av Samarbeid mot svart økonomi (SMSØ) og Skatteetaten jamleg undersøkt bruken av svarte tenester i privatmarknaden. Undersøkinga vert gjort annakvart år og delen som seier dei kjøper svart er «signifikant lågare» enn ved tidlegare undersøkingar. I 2020 var det åtte prosent som sa dei kjøpte tenester svart. 

Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten. (Foto: Skatteetaten)

– Det er svært positivt at trenden held fram med å gå nedover. Vi veit at det er høg skattemoral i Noreg og at dei fleste ønskjer å bidra til finansieringa av velferdssamfunnet vårt, seier Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten og leiar i SMSØ.  

Gjengedal presiserer at innsatsen mot svart arbeid likevel må halde fram. 

– Skatteetaten jobbar målretta saman med andre samarbeidspartnarar for at det skal vere enkelt å gjere rett, samstundes som vi skal gjere det vanskelegare å både kjøpe og tilby svarte tenester, seier ho. 

Kan bli halden ansvarleg

SMSØ har i tillegg til undersøkinga over, fått utført ei kvalitativ undersøking gjennom intervju av 20 personar som har kjøpt tenester svart. Sjølv om det berre er ein liten del av folket som seier at dei har kjøpt svart, meiner dette utvalet at «alle gjer det». 

Ein gjennomgåande haldning blant dei som kjøper svart er at dei meiner det ikkje er deira ansvar å sjekke om tenestene dei kjøper er innanfor regelverket. Gjengedal meiner mange ikkje er klar over risikoen dei tek når dei kjøper arbeid eller tenester svart.  

– Du kan bli medansvarleg for ubetalte skattar og avgifter dersom dei useriøse bedriftene du kjøper tenester av, ikkje betalar det dei skal. I verste fall risikerer du politimelding. I tillegg er du med på å drive konkurransevriding som går utover dei seriøse og lovlydige verksemdene, forklarer Gjengedal.   

Det er barnepass/heimehjelp, reinhald, malar- og snikkartenester som toppar lista over kva som handlast svart. I tillegg meiner 10 prosent av respondentane at det er ganske eller svært sannsynleg at dei vil få tilbod om svart arbeid i løpet av det neste året.  

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *