Råteskader to år etter at vinduet var montert. (Foto: Å. Nesbø)

Dei utette vindua har godkjenning

Uten å starte ein lang polemikk, vil eg gi følgjande kommentar til SINTEF Byggforsk sitt svar på min artikkel.

Brit Roald ser ut til i tilsvaret «SINTEFs anbefalinger og potensielle råteskader» å ta det utgangspunktet at situasjonen eg viste til, dreia seg om vindu som ikkje hadde dei nødvendige godkjenningane, og at det ikkje var samsvar mellom komponentane i konstruksjonen.

Les også Nesbøs første kommentar: SINTEF anbefaling kan gje råteskadar

Eg kan opplyse om at så ikkje er tilfelle. Dei aktuelle vindua har SINTEF-godkjenning og er markedsført som vedlikehaldsfrie og blant markedet sine beste.

 

 

Produktmerke er for så vidt uvesentleg i denne samanhengen – difor er det ikkje oppgitt, men det kan opplysast at det er eit norsk produkt med SINEF Teknisk godkjenning – det er konsekvensane som er viktige.

Eg har ikkje sett meg inn i korleis vindu og dører blir testa, men eg reknar ikkje med at ein utfører testing som dokumenterer kvalitetar over særleg lang tid. Eg legg til grunn at testmetodane er innretta mot dei faktiske klimatiske påkjenningane som vindu kan bli utsette for i heile Norge.

 

Produksjonsfeil og transportskadar

Det er ulike moment som kan føre til at produktet ikkje får den tilsikta kvaliteten som ligg til grunn for godkjenninga. Produksjonsfeil kan forekome, alle produkta blir ikkje testa før dei forlet fabrikkane. Transportskadar kan forekome; store vindu som blir handtert fleire gongar, og gjerne med kran, kan få rystelsar som kan føre til brot i limfuger. Ulike materialar bevegar seg ulikt ved temperaturendringar og vil over tid gi påkjenningar på fuger og pakningar.

Om ein har sett korleis ei stor glasrute kan bevege seg i vindtrykk. kan ein og lett forestille seg at desse bevegelsane fører til store påkjenningar på karm og samanføyingar.  Med utgangspunkt i dette, blir min påstand at SINTEF ikkje er i stand til å dokumentere at produkta dei godkjenner held den tilsikta kvaliteten over tid når det gjeld tettheit.

 

Stolar blindt på godkjenning

Det er altså ikkje slik at dette problemet oppstår når bransjen brukar usertifiserte og udokumenterte (les billege…) produkt slik Brit påstår. Problemet oppstår fordi ein stolar blindt på at ei dokumentert godkjenning er det same som at vinduet er tett, og det er ikkje alltid tilfelle. Eg vil difor på det sterkaste tilrå at SINTEF Byggforsk endrar på desse detaljane. Send gjerne endringane ut på høyring i bransjen, eg kan ikkje tru at vi er dei einaste som reagerer på dette. For oss vil det ikkje bety så mykje, vi vil fortsette å montere vindu slik vi alltid har gjort; med tett membran under underkarmen. Men for huseigarar som må ta kampen opp med leverandørar som støttar seg på SINTEF Byggforsk sine tilrådingar, vil det nok kunne ha betydning.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *