Eit vindu er ein samansett konstruksjon, med samanføyningar som ein over tid ikkje kan garantere tettheita til. På det tradisjonelle trevinduet er tappforbindelsen mellom sidekarmer og underkarm eit potensielt lekksjepunkt. På nyare produkt er det andre forbindelse mellom ulike materialar som kan forårsake lekkasje. Då er det viktig at det blir gjort tiltak for å hindre dette lekkasjevatnet i å trenge vidare inn i bygningskroppen.
Les også: SINTEFs anbefalinger og potensielle råteskader
Leiar vatnet inn i veggen
Når vinduet blir plassert lenger inne i veggen enn tidlegare, flyttar ein og dei potensielle lekkasjepunkta lenger innover. Når dette blir kombinert med SINTEF Byggforsk si tilråding om mjukfuge rundt vinduet på alle fire sider, så har ein laga ein konstruksjon der vatnet blir leia innover i veggen, og ikkje ut.

På relativt kort tid kan då ein vegg sjå ut som dette. Denne veggen er ca to år gamal. Vindua og dørene var her monterte etter SINTEF Byggforsk si tilråding, og fuga rundt på alle sider. Lekkasjepunkta ligg bak fuga, og vatnet blir leia inn i veggen.

Vatnet må bli leia ut
Problemet skulle vere relativt enkelt å unngå. På verharde plassar må ein bygge etter prinsippet om at det alltid vil kome vatn bak ytterkledning, og då er det viktig å lage løysingar som leier vatnet enkelt ut av konstruksjonen og ikkje inn slik som SINTEF Byggforsk sine figurar gjer.
Ved å legge ein membran under vinduet og oppå bæreklossane, vil alt lekkasjevatn bli leia ut av veggen. Membranen må førast opp langs sidestenderane slik at den kan overlappast med tettinga langs sidekarmane. Det må ikkje fugast utvendig mot underkarm. Ved å isolere mellom losholt og membran vil ein og oppnå god lufttettheit og isolering. Om ein er bekymra for luftlekksjar mellom membran og karm, så kan membran fugast mot karm, eller ein kan bruke produkt som har lim-kant som er beregna til dette, til dømes har Isola eit produkt som vil vere godt eigna til denne operasjonen (Isola Flexwrap).
For oss som byggjer hus på Vestlandet, er ikkje dette ny kunnskap. Det er slik vindu har blitt montert i generasjonar, og dei fleste vi snakkar med rundt oss, gjer det på denne måten.

Problematisk beslagløysing
Eit anna tvilsomt punkt på SINTEF Byggforsk sine monteringsfigurar er beslagløysingar over vindu. Her fører SINTEF Byggforsk beslaget heilt inn under vindsperra. Dette kan fungere greitt i tilfelle der du monterer beslag over berre eitt vindu. Men om beslaget går over fleire vindu slik tilfelle ofte er i dag, vil ei slik løysing blokkere for utlufting rundt vindua og føre til kondensproblem. I tillegg viser det seg at beslag kondensererer ved temperaturendringar og overfører kondensvatnet til vindsperra.
Beslaget over vindu bør difor ikkje gå lenger inn enn til utlektinga. Primæroppgåva til beslaget er å ta unna dei store mengdene, tettinga og dreneringa må alltid utførast i vindpserra og detaljane der.
Produksjonsgrunnlag og dokumentasjon
Det er viktig at SINTEF Byggforsk er klar over at byggdetaljblada som dei produserer, blir nytta som produksjonsgrunnlag og dokumentasjon på byggeplass. Då må desse detaljane vere tilpassa dei faktiske forhold. Eg har kontakta SINTEF Byggforsk med desse opplysningane her, og er litt skuffa over at vi ikkje har fått noko form for tilbakemelding frå dei. Eg prøvar difor å reise debatten i andre fora.
En kommentar til “SINTEF-anbefaling kan gje råteskadar”
Bra artikkel fra Sintef – byggforsk. Der er blitt mange råteskader i vegger p. g. feil / manglende utførsel under vindu. En bør understreke at det er trykkforskjell fra utsiden som er større en innsiden av veggen, så derfor må fugen være lufttett innen for, slik at undertrykket innvendig, ikke suger luften inn bak beslaget/ vannbord, Mange legger et tre bord direkte under vinduet i ut frest kant utvendig – da er der fri luftstrømning under vinduet inn i veggen, der inviterer montøren vannet inn i veggen, klar reklamasjons sak mot arbeids utførelsen .
Erling.