Hytter i Høgevarde-området i Flå som ble plassert i myra gjennom en reguleringsplan vedtatt i 2017. Bildet er tatt i 2022. (Foto: Naturvernforbundet i Buskerud)

Nye utredningskrav skal forebygge naturtap

Miljødirektoratet vil gjøre det vanskeligere å bygge i sårbar natur og foreslår å endre forskrift om konsekvensutredning samt innstramming av regelverket.

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet har Miljødirektoratet utarbeidd forslag til endringar i forskrift om konsekvensutgreiingar. Målet er å sikre samsvar med EUs regelverk for konsekvensutgreiingar og bidra til betre og uavhengige utgreiingar av miljø.

– Vi ser alt for mange tilfelle av at naturområde blir bygde ned, utan at dei som tek avgjerder veit korleis det vil påverke naturmangfald og klima. Derfor meiner vi det er nødvendig å stramme inn reglane for å greie ut miljøkonsekvensar når ein planlegg inngrep i naturen, og sikre at avgjerdstakarane har kunnskapen dei treng. Betre kunnskap kan bidra til å førebygge øydelegging av naturen, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Fleire utfordringar med dagens utgreiingar

Dei siste åra har rapportar frå mellom anna Multiconsult, SALT og Holth og Winge, avdekt store manglar i utgreiingar av miljøkonsekvensar. Dette fører til at konsekvensane av utbyggingsprosjekt ikkje blir synlege for avgjerdstakarane, og at mangelfulle utgreiingar verken blir oppdaga eller sanksjonerte.

Konsekvensutgreiingar skal avdekkje kva konsekvensar planlagde utbyggingsprosjekt vil få for ulike miljøinteresser. Reglane for dette finst i forskrift om konsekvensutgreiingar, som gjennomfører direktivet til EØS-avtalen om miljøkonsekvensutgreiingar. Kven som er konsekvensutgreiingsyndigheit (KU-styresmakt) varierer med ulike prosjekt. Som regel er kommunane KU-styresmakt for kommunale arealplanar, men også statlege etatar kan vere KU-styresmakt der dei er ansvarlege for den aktuelle utbygginga.

Miljødirektoratet har no levert forslaget sitt til endringar i forskrifta, som inneber ei skjerping av praksis og ein del nye krav.

Foreslår krav om utgreiing av oppdrettsanlegg og hyttefelt

Ei av dei viktigaste endringane Miljødirektoratet foreslår, er at KU-styresmakta skal setje tydelegare krav til innhald i utgreiingane i eit plan- og utgreiingsprogram, slik at forslagsstillarar ikkje sjølv kan definere kva dei ønskjer å greie ut. Dette er heilt sentralt for å sikre at kunnskapen som blir innhenta er dekkjande for behovet.

Miljødirektoratet foreslår også at KU-styresmaktene skal ha høve til å krevje at eit uavhengig firma kontrollerer konsekvensutgreiingar i dei største sakene. Dette liknar på eksisterande ordning for uavhengig kontroll i byggesaker.

I tillegg foreslår Miljødirektoratet å setje akvakulturanlegg på land, i ferskvatn og dei største sjøanlegga, på lista over prosjekt som gir plikt til utgreiing av miljøkonsekvensar. Det same gjeld bustad- og fritidsbustadprosjekt over 50 dekar. Dette er prosjekt som krev store areal  og som kan ha vesentleg påverking på naturverdiane, noko som gjer at avgjerdstakarane bør ha tilstrekkeleg kunnskap om konsekvensane når dei gjer vedtaka sine.

Direktoratet foreslår også fleire andre endringar for å gjere forskriftene tydelegare og enklare å bruke.

Skal behandlast politisk

Miljødirektoratets forslag til endra forskrift er sendt til Klima og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet. Det blir no opp til departementa å avgjere om dei vil leggje forslaget til ny forskrift ut på høyring, eller om dei vil gjere endringar i Miljødirektoratets forslag.

Fakta: Miljødirektoratets forslag til endringar i forskrift om konsekvensutgreiingar

Miljødirektoratet foreslår å

  • endre ei rekkje føresegner for å gjere tydeleg ansvar og styresmakt
  • endre ei rekkje føresegner for å sikre at det blir gjort konsekvensutgreiingar
  • innføre krav om at det blir utarbeidd ein eigen konsekvensutgreiingsrapport for alle prosjekt
  • gjere tydeleg og utvide av kva planar og prosjekt som skal ha konsekvensutgreiing
  • gjere tydeleg krav til utgreiing i kommuneplanens arealdel og andre overordna planar
  • innføre krav om arealrekneskap i kommuneplanens arealdel
  • innføre krav om å vurdere både ny og gjeldande arealbruk i kommuneplanens arealdel (planvask)
  • utvide krav til plan- eller utgreiingsprogram for alle planar og prosjekt
  • innføre nytt krav til dokumentasjon på metodikk + relevant kompetanse
  • utvide krav til medverknad/kontroll frå regionale styresmakter
  • gjere tydeleg krav til innhald i utgreiingar
  • gjere tydeleg at konsekvens skal skiljast frå vurdering av nytte
  • innføre nytt krav med moglegheit til å krevje uavhengig kontroll
  • gjere tydeleg at ansvarleg styresmakt skal kontrollere utgreiingane
  • gjere tydeleg at regionale styresmakter skal sjekke eigne fagområde
  • gjere tydeleg moglegheita for sanksjon og straff

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *