Ein bygard på Grünerløkka i Oslo fekk tilskot til restaurering av vindauge. (Foto: Privat/Riksantikvaren)

Tilskot på 136 millionar til freda bygg i fjor

Riksantikvaren tildelte i fjor tilskot på 136 millionar kroner til freda bygg i privat eige. I år er tilskotspotten auka til nær 152 millionar.

Tilskot frå staten til freda kulturminne i privat eige skal sørgje for å dekke meirkostnadar ved å bruke riktige metodar og materialar på freda kulturminne og kulturmiljø, fortel Riksantikvaren i ei pressemelding.

Eigarar kan søkje støtte til både større istandsettingsprosjekt og vedlikehald. Riksantikvaren fordeler tilskot til fylkeskommunane og Sametinget, som fordeler vidare til dei private eigarane i sitt område. I årets statsbudsjett kjem det også fram at freda kulturminne eigd av privatpersonar skal prioriterast ved fordeling av tilskot.

– Tilskot skaper verdiar i form av arbeidsplassar, samhald, bevaring av kulturminne, og bidreg til utvikling av lokalsamfunn, seier riksantikvar Hanna Geiran. I tillegg bidreg dei til kompetansebygging og skapar jobbar for handverkarar i byggebransjen og andre næringar.

Tildelingane i fjor var på totalt 136,4 millionar kroner. Dei største tilskota gjekk til Innlandet med 29 milionar, Vestland med 21,5 og Østfold med 19,2 millionar kroner.

I pressemeldinga nemner Riksantikvaren tre ulike prosjekt som typiske for mottakarane: Restaurering av vindauge på ein bygard på Grünerløkka i Oslo, eit nytt golv i Ulsteinvik og istandsetting av tak på eit bygg i Spydeberg.

Gardsbruk i Spydeberg fekk tilskot til nytt tak i 2023. (Foto: Privat/Riksantikvaren)

Søkjer om det dobbelte

Riksantikvaren har motteke søknader frå fylka og Sametinget på til saman 266,9 millionar kroner for 2024. Det er ei auke på over 50 millionar kroner frå 2023.

Årets tildeling kan dekke 46 prosent av søknadssummen frå privatpersonar som eig freda kulturminne.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *