I bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne får 15 utvalde anlegg støtte gjennom ein fast post på statsbudsjettet til istandsetting, forvalting, drift og vedlikehald.
Mange anlegg kan ferdigstilles
−Tekniske og industrielle kulturminne er viktige spor etter industrihistoria i Noreg. Med desse tilskota bidreg vi til å bevare utvalde anlegg for framtida. Anlegga er valgt ut som representantar for ulike sider av norsk nærings- og industrihistorie, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Riksantikvaren har no fordelt tilskota for 2020.
−I 2020 har vi prioritert istandsetting av fem anlegg i bevaringsprogrammet. Det er Bredalsholmen verft, Haldenkanalen, Klevfos Cellulose- og papirfabrikk, Odda smelteverk og Rjukanbanen, og dei har mål om ferdigstilling i 2020, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Tilskota bidreg blant anna til å finansiere handverksstillingar på anlegga. Dette er stillingar som skal sikre vedlikehold, ivareta kompetanse og kunnskap.
![](https://byggmesteren.as/wp-content/uploads/2020/03/Tresko-i-maskin-Sellevåg-treskofabrikk-Foto-Maria-Lytomt-Riksantikvaren-scaled-1.jpg)
Tilskot og korona
Tiltak mot spreiing av koronasmitte gjer at fleire tilskotsmottakarar kan møte på problem med å få satt vedlikehalds- og istandsettingstiltak ut i livet til planlagt tid.
– Vi oppmodar tilskotsmottakarar til å ta kontakt med sine lokale handverks- og fagmiljø, for å avtale nærare kva for arbeid som kan utførast, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Nokre tiltak kan kanskje utførast no, medan mykje må vente til kvardagen vender attende til det normale. Det er nyttig for lokale verksemder å kunne legge planar for oppdrag lenger fram i tid.
– Vi hjå Riksantikvaren høyrer gjerne frå tilskotsmottakarane når dei utover våren får meir oversikt over kva for problem dei støyter på. Både med tanke på tilgang til gode fagressursar eller dersom det vert problem med å bruke tilskota i 2020, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Prioriterte anlegg
I 2020 pågår det framleis store prosjekt ved anlegga. Riksantikvaren bidreg med tilskot til fullføring av istandsettingstiltak på Trefaseovn 3 (Ovn 3) på Odda smelteverk, som innebærer sikring og tømming av ovnspotta.
Tilskota går også til ferdigstilling av det omfattende istandsettingsprosjektet knytt til slippen på Tinnoset. Riksantikvaren har sidan 2017 bidrege med i overkant av 22 millioner kronar i tilskot til dette prosjektet. Det gis også tilskot til utskiftning av 4000 sviller på Rjukanbanen. Tilskot til dei andre anlegga i bevaringsprogrammet går til ulike prosjekt som skal sikre at anlegga har eit normalt vedlikehaldsnivå.
![](https://byggmesteren.as/wp-content/uploads/2020/03/Tønner-Hagevik-tønnefabrikk-Foto-Maria-Lytomt-Riksantikvaren-scaled-1.jpg)
Tilskot til anlegg utanfor bevaringsprogrammet
I 2020 gir Riksantikvaren tilskot til fire anlegg utanfor bevaringsprogrammet: Dei to freda anlegga Hagevik tønnefabrikk og Sellevåg treskofabrikk, i tillegg til gamle Fagerli kraftstasjon i Sulitjelma og Nes gardssag i Kvam.
Riksantikvaren har gjort ei streng prioritering av kva for kulturminne og tiltak som får tilskot. For 2020 fekk vi inn søknadar frå totalt 30 tekniske og industrielle kulturminne på om lag 161 millionar kroner. Riksantikvaren hadde rundt 58 millionar kroner til fordeling, som dekker omtrent 36% av den samla søknadssummen.
Fullstendig liste over anleggene som mottek tilskudd i 2020 finner du her.