Tømrermester Ole Thorstensen med Skjervheimprisen. (Foto: Skjervheimseminaret)

Skjervheimprisen til tømrarmeister Ole Thorstensen

Tømrarmeister og forfattar Ole Thorstensen får Skjervheimprisen 2022 for sitt arbeid for å lyfta fram korleis kvalitet i byggfaget er eit samfunnsansvar.

– Med sine to bøker og elles deltaking i det offentlege ordskifte, har Ole Thorstensen vist kor avgjerande god byggekvalitet er i eit samfunn, og korleis politiske vedtak dei siste tiåra har ignorert og undervurdert dette fagfeltet, heiter det i juryens anbefaling.

Les også: Tømrermester Ole tok seg bare en jobb i Polen (+)

Hans Skjervheim frå Myrkdalen i Voss var ein sentral filosof og samfunnsdebattant i Noreg frå 1950-åra og fram til 1990-åra. Kvart år vert Skjervheimprisen på 60 000 kronar tildelt nokon som har markert seg med sterkt samfunnsengasjement «i Skjervheim si ånd».

Ei viktig bok

I boka «Bare en jobb» tar Ole Thorstensen for seg dei utilsikta konsekvensane av opning for import av arbeidskraft, som mellom anna har ført til at utanlandske arbeidarar i stor grad er underbetalte og manglar grunnleggjande rettar på arbeidsplassen.

Dei får ikkje den nødvendige opplæring i språk eller fagkompetanse, og må dessutan bera omkostningane med å bu og arbeida langt frå eige heimland og familie.

Tømrermester Ole Thorstensen med Skjervheimprisen. (Foto: Skjervheimseminaret)

– På førebiletleg vis har han gått inn for å utforska dette problemfeltet grundig, og reiste til Polen for å arbeida som tømrar på ein byggeplass der, utan å kunna språket.

Thorstensen fortel på ein fengande og jordnær måte om eigne og andre tømrarar sine erfaringar, og viser både stoltheita over fagkunnskap, og avmakta i å leva med eit system som ikkje verdset denne fagkunnskapen. I boka viser han også korleis kvalitet i byggebransjen er avgjerande for ressursbruk og samfunnsøkonomi, og den uheldige utviklinga dei seinare åra står i kontrast til den prekære behovet for å spara på naturressursar og nedskalera overforbruk.

– I skjervheimsk ånd har Ole Thorstensen lyfta fram eit samfunnsproblem som i stor grad er oversett og ikkje har fått den merksemd det treng i politikk og offentleg ordskifte, heiter det i tildelinga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.