Skader etter flommen i Utvik i 2017. (Illustrasjonsfoto: Øystein Nøtsund/NVE)

Foreslår nye byggeregler i skred- og flomutsatte områder

Kommunal- og distriktsdepartementet sender på høyring forslag til endringar i byggereglane, som skal legge betre til rette for vidare utvikling og verdiskaping i område som kan vere utsette for skred og flodbølge.

Endringsforslaga er første ledd i eit større arbeid med å vurdere krava til sikkerheit mot flaum og skred, skriv departementet.

Enklare regler og fleire unntak

Store delar av Noreg er prega av fjordar og dalar som er omgitt av høge og bratte fjellsider. I fleire av desse områda kan det gå fjellskred som forårsakar flodbølge. Fjellskredrisikoen i ulike delar av landet vert stadig meir kjent som følge av omfattande kartlegging.

– Det er viktig at vi får meir og betre kunnskap om fjellskredfare, fordi dette gir auka sikkerheit i områda det gjeld. Kartlegginga har samtidig vist at regelverket slår uheldig ut, og at det i nokre tilfelle fører til stans i nødvendig utvikling av lokalsamfunn. Eg har fått tilbakemelding både frå faginstansar og kommunar om at regelverket er unødig strengt, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Departementet foreslår mellom anna at det ikkje skal vere totalforbod mot plassering av storulykkeverksemder i skredutsette område. Det blir også foreslått enklare reglar for mellombelse brakkeriggar som er nødvendige i samband med bygge- og anleggsarbeid. Det er ein føresetnad at personsikkerheita er sikra gjennom overvaking.

I tillegg foreslår departementet at ein skal kunne få unntak frå byggerestriksjonar i område utsette for flodbølge, der personsikkerheita er sikra ved eit beredskapssystem med periodisk overvaking. Tidlegare har det berre vore mogleg å få unntak dersom NVE overvakar området kontinuerleg.

– Det har vore ei kunnskapsutvikling på feltet som viser at ein kan ta hand om vareta sikkerheita på nye måtar. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) overvaker fleire flodbølgeutsette område, enten kontinuerleg eller periodisk. Ein ser no at også periodisk overvaking gir tilstrekkeleg personsikkerheit. Regelverket må oppdaterast for å gjenspegle dette, seier Gjelsvik.

Forslaga til endringar skal legge til rette for å oppretthalde verdiskaping, utvikling og levedyktige lokalsamfunn i fareområdar, samtidig som personsikkerheita er ivaretatt.

Høyringsfrist er 9. august 2022 og høyringa finn du her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *