Torbjørn Løland og Per Olav Mathiesen, vinnarar av kulturminneprisen 2019. (Foto: Gunvor Haustveit, Riksantikvaren)

Har du kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris?

Kjenner du nokon som gjer ein stor innsats for kulturminne? Fram til 30. juni kan du foreslå dei som kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris 2020.

Kvart år blir Riksantikvarens kulturminnepris delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for kulturminne.

No kan du foreslå kandidatar til prisen her.

To verdige vinnere i fjor

Prisen i fjor vart delt av Torbjørn Løland frå Hyllestad og Per Olav Mathiesen frå Rendalen. Dei fekk kulturminneprisen for sitt arbeid for kunnskap om arkeologiske kulturminne. To ulike områder i Noreg, og to verdige vinnarar.

Torbjørn Løland og Per Olav Mathiesen, vinnarar av kulturminneprisen 2019, på synfaring i Stavanger domkyrkje i oktober 2019. (Foto: Gunvor Haustveit, Riksantikvaren)

Riksantikvarens kulturminnepris

Entusiastar land og strand rundt gjer ein strålande innsats for å ta vare på våre kulturminne.

Riksantikvarens kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for:

  • bevaring og/eller restaurering av kulturminne
  • formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt
  • bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne

Prisen består av eit kunstverk og diplom. I tillegg mottar vinnaren 25 000 kroner. Dersom vinnaren er ein offentleg institusjon, vil pengepremien bli gitt til ein frivillig organisasjon eller eigar, som vinnaren kan bestemme.

Vinnaren blir valt av ein jury på bakgrunn av nominasjonsforslag. Juryen består av Riksantikvarens leiargruppe.

Prisen blir delt ut på Riksantikvarens Høstmøte november 2020.

Frist for å nominere kandidatar er 30. juni 2020.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *