Eigarane av Møllstunet i Geiranger vant kulturminneprisen i 2021. (Foto: Sigurd Neby, Willy Nikkers AS)

Har du kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris 2022?

Kjenner du nokon som gjer ein stor innsats for kulturminne? Fram til 1. juni kan du foreslå dei som kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris 2022.

Entusiastar land og strand rundt gjer ein strålande innsats for å ta vare på våre kulturminner.

Riksantikvarens kulturminnepris

Riksantikvarens kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for:

  • bevaring og/eller restaurering av kulturminne
  • formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt
  • bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne

Prisen består av eit kunstverk og diplom. I tillegg mottar vinnaren 50 000 kroner. Dersom vinnaren er ein offentleg institusjon, vil pengepremien bli gitt til ein frivillig organisasjon eller eigar, som vinnaren kan bestemme.

Vinnaren blir valt av ein jury på bakgrunn av nominasjonsforslag. Juryen består av Riksantikvarens leiargruppe.

Fristen for innsending er 01. juni 2022 .

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.