Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Politianmeldt for blafring

Ingvar Serigstad i Serigstad Bygg AS på Bryne fortviler etter at han er politianmeldt for vindstøy fra en byggeplass. Nå lurer han på om noen har forslag til løsning som forhindrer problemet med blafrende vindtettingsduk.

Her er historien med hans egne ord:
Nå er eg i gang med bygging av husmodellen Irlinn på Kvålefeltet på Bryne. Dette er ein lavenergibolig eg skal trykkteste. For å få minimal luftlekkasje, nytter eg to lag med Icopal Windbreak og eit lag med 6 mm VillaVindtett. Ferdig vegg skal ha 25 cm isolasjon.
Det er òg i boligen nytta NorDan sine N-Tech vindu med U-verdi 0,7. Huset er bygd innendørs i veggelementer som heises på plass.

Det har nå i januar vore mykje vind. 18 dagar har det vore storm. Når vinden tar tak i dukendane, lager dei lyd. Denne støyen er nok kan hende for høg mellom kl 23.00 og 06.00. Derfor er eg politianmeldt for dette.
Nyleg var politiet oppe og påpeikte dette med lyd. Lyden måtte bort, kravde dei.

For å få lyden bort under montering, må eg enten ikkje ha dukendar, eller eg må spikre dei fast med lekter. Ved begge løysningane vil eg skada tettesystemet slik at duk ikkje har nokon hensikt. Den må jo vere tett for at duken skal ha nokon hensikt.

Lensmannen møtte opp
Etter mykje kav, stress og frustrasjon, klarte eg å få lensmannen opp på byggeplassen. Han krev at byggeplassen er utan lyd om natta. Han fekk då sjå problemet i praksis, men vil ikkje foreta lydmåling.
Etter mykje om og men, aksepterte han at det under montering av bolig og før tettearbeidet utvendig er ferdig, må vera noko lyd frå boligen.
Me kan jo ikkje ha det slik. Skal me byggja tettare boliger, må me få lov å lage lyd når det bles. Eit tre lager òg kraftig lyd i vind. Men det er vel ingen som meiner at eit tre eller ein skog er ein støykilde?

Dukendane nyttest og som tetting i overgang vegg/tak. På taket nytter eg nå Divoroll Top Ru fordi den gjer minimalt med lyd i vind.

Kriminelle byggmestre?
Skal me byggmestrar nå med nye byggeforskrifter bli sett på som kriminelle med stadig besøk av politiet på byggeplassen og eventuelt bøtlegging? Vil me ha det slik?
Eg har hatt politibilen på besøk to gonger nå. Det er ingen god reklame for min byggeaktivitet. Dersom politiet ringer om natta, må eg rykke ut for å fjerne evt lyd. Kva med min sikkerhet? Gjeld ikkje den på ordre frå politiet?
Sjølvsagt skal eit nytt bolighus væra ein positiv sak for naboer. Prøver å ha det ryddig og sikkert på mine byggeplassar. Dette med dukendar, vind og lyd har eg ingen løysing på enno.
Nokre andre som har gode forslag?

Har du forslag til løsning, kan du gjerne sende redaksjonen noen ord

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *