Ferske tal frå Haugalandsrådet og Samarbeidsrådet for Sunnhordland viser at offshoreindustri, skipsverfta, energi og byggenæring har ei gullkanta framtid i regionen.
– Vi veit at det er gode tider, men dette er overraskande sterke tal. Sjølv om renta vil stiga og økonomien flata litt ut, er det no så mange ting på gong som ikkje vil stoppe opp. Dette viser at det er ein robust region, seier Vidar Vorraa, dagleg leiar i Haugalandsrådet, til Haugesunds Avis.
Dei tilsvarande utsiktene for to år sidan viste ein total ordrereserve i underkant av 40 millionar, og med eit to år lengre perspektiv. Den gongen rekna dei fram til 2012, medan dei nyaste tala berre gjeld ut 2010.
– Denne type synleggjering av verdiskapinga er viktig når vi skal ut og marknadsføre oss, og for vår eiga regionutvikling, seier Vorraa.
Han viser blant anna til korleis dette kan brukast når regionen skal tiltrekkje seg folk og aktørar i næringslivet.
– I tillegg kan våre næringar og kommunar knytte enda sterkare nettverk internt med denne kunnskapen.