(Illustrasjonsfoto: Den norske kirke, Rossabø menighet)

Eldre kyrkjer vert sikra for 27 millionar

40 kyrkjer frå før år 1800 får no pengar til å skifte ut gamle el-anlegg og varmeomnar og moglegheita til å sikre tak, veggar og tårn mot vêr og vind.

For 2020 hadde Stortinget allereie løyvd 20 millionar kroner til sikring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg over Barne- og familiedepartementet sitt budsjett. I tillegg er det no satt av ei ekstra tiltakspakke på 52 millionar kroner.

Kyrkjer frå før 1850

– Å ta vare på gamle kyrkjebygg er svært viktig. Dei er i ei særstilling som kulturminner i bygd og by over heile landet og blant dei mest dyrebare bygga når det gjeld arkitektur og kunst. Dei er soger over tru, kultur og handverk i 1000 år. Derfor er eg glad for at vi kan bidra til betre trygging av desse bygga, seier barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse.

Det er Riksantikvaren som vel ut kyrkjene som får tildelt midlane. Det går i desse dagar brev ut til 40 kyrkjer over hele landet om tilskot.

Balke kyrkje frå mellomalderen er ei av kyrkjene som har fått tilskot. (Foto: Dagfinn Rasmussen, Riksantikvaren)

Som eit ledd i å ta vare på kulturarven har Stortinget i 2020 gitt 20 millionar kroner til sikring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. I tillegg kjem sju millionar frå regjeringa si tiltakspakke retta mot bygge- og anleggsbransjen knytt til koronakrisa. Tiltakspakka er på til saman 52 millionar kronar. Pengane skal gå til å sette i stand veggar, tak og tårn og utskifting av gamle el-anlegg og varmeomnar i kulturhistorisk viktige kyrkjer frå før 1850.

Utvalde kyrkjer

Ved årets tildeling av tilskot har Riksantikvaren i samråd med Barne- og familiedepartementet, Arbeidsgjevarorganisasjonen for kyrkjelege verksemder og Kyrkjerådet vald å prioritere kyrkjer som er oppført før 1800. Det dreier seg om mellomalderkyrkjer i stein, automatisk freda kyrkjer av tre frå perioden 1200-1649 og listeførte kyrkjer frå perioden 1650-1799.

40 kyrkjer frå Troms og Finnmark i nord til Agder i sør har fått støtte i denne omgangen.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *