Næmingordninga er et spennende tilbud til yngre håndverkere. (Foto: Nordmøre museum)

Nordmøre museum søker to nye næminger

Har du fortsatt mye å lære om tradisjonshåndverk? Nordmøre museum søker etter to håndverkere som vil ansettes som næming i tre år.

Stillingene vil sogne til avdeling Geitbåtmuseet – Husasnotra i Heim kommune.

Stor kompetanseheving

Stillingane er 100 prosent over en periode på 3 år, med avsluttande byggeprosjekt og dokumentasjon i samband med dette.

Næmingeprosjektet er ei fireårig ordning for kompetanseheving av handverkarar ut over sveinebrev, i hovudsak basert på grunnleggjande kunnskap. Tilsetting blir i Stiftelsen Nordmøre museum, avdeling Geitbåtmuseet – Husasnotra.

Kva er ein næming?

Når museet har kalla dei som skal inn i ein læresituasjon for næming, har det bakgrunn i at opplegget skil seg frå andre vanlege opplegg. Dei lærande er ikkje elevar i skole. Dei er ikkje lærlingar i samsvar med opplæring i arbeidslivet. Dei er ikkje studentar. Dei er ikkje stipendiatar som har fått pengar til eit fritt studieopplegg.

Nordmøre museum har valt ordet næming av di det rett og slett tyder ein som har mykje att å lære, samstundes som ordet hittil ikkje har vore knytt til ein viss læresituasjon.

Utvikle nye tradisjonsberarar

Poenget er at dei eldre tradisjonsberarane for lokal byggeskikk er på veg bort frå oss, skriv museet og fortsetter:

– For at få god innsikt i, og trening når det gjeld utøving av den karakteristiske måten å byggje på, i dei ulike delane av landet vårt skal leve vidare og vera tilgjengeleg for restaurering og nyskaping på tradisjonen sin grunn, lyt vi utvikle nye tradisjonsberarar.

Vi lærer frå oss gjennom praktisk arbeid og aktiv deltaking i istandsettingsarbeid og nybygg i tradisjonell tømring. Vi har målsetting om spisskompetanse på kystkulturen – med naust, brygger og båtar, og utfører arbeid på  freda og verna bygg. I tillegg vil det bli bygd nybygg som eigne definerte læreprosjekt der næmingane får meir og meir sjølvstendig ansvar. I opplæringa fokuserer vi mellom anna på

– Overføring av handlingsboren kunnskap

– Laft, stavline og andre tradisjonelle reisverk, tekking og kleding

– Plukkhogst og behandling av virke på rot

– Saging i samarbeid med lokale aktørar

– Vassgått og naturtørka virke

Som lærestad samarbeider vi og med andre utdanningsinstitusjonar som NTNU og fagskule.

Krav til søkjarane

Målgruppa er personar mellom 25-35 år, men aktuelle kandidatar i andre aldersgrupper vil også bli vurdert.

Grunnleggjande interesse for tradisjonell tømring/bygningsrestaurering og yrkeserfaring, realkompetanse tilsvarande svein i faget.

– Lyst og evne til å rettleie og lære bort til andre.

– Samarbeidsevne.

Løn etter avtale.

For meir informasjon, kontakt avdelingsleiar Lisabeth Syltøy Fiske, tlf. 452 98 110 eller bygge- og arbeidsleiar Torgeir Leivdal tlf. 992 69 655. Tiltredelse snarest.

Søknadsfristen er 3. februar 2020. Søknad med CV sendes til lisabeth@geitbatmuseet.no

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *