Ferdig takside. Utsperrene monterast etter at kledning har komme på då desse skal henge saman. (Alle foto: Håkon Telnes Fjågesund)

Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Felling av ås og sperre utan fast dimensjonering

På Nordmøre er takkonstruksjon med sperrebukk, ås og sperre vanleg. Denne takkonstruksjonen er gjort med bakgrunn i ei eksisterande brygge på Eidestranda i Aure kommune.

Brygga vart flytta dit rundt 1870, men det er uvisst når ho vart reist fyrste gongen. Det nye bygget skal stå på Håholmen i nærleiken av Kristiansund.

Det er ei brygge i stavlinekonstruksjon som måler 10,6m x 13m som vert bygd på Husasnotra før uttransport og oppsetting.

Tradisjonell takkonstruksjon

Me bestemte oss for å ta utgangspunkt i eit eksisterande bygg for å lære meir om korleis dei eldre tradisjonelle takkonstruksjonane er utført. Når tradisjonsberarane er borte er det bygga sjølv som fortel best korleis dei er gjort, og dette innlegget tek for seg eit forsøk på forstå den logikken, premissa og vurderingane som ligg bak.

I dette innlegget vil eg sjå nærare på korleis fellinga av åsar på sperrebukk og sperrer på åsar kan ha vore gjort.

Sperrebukkane:

I den originale takkonstruksjonen var sperrebukkane kanta på sidene og oppå og felt slik at oversida danna eit plan. Dette planet hadde same fall som taket. I dette tilfellet var det treungs røst. Sperrebukksolane var i samme høgde på alle samhalda (dobbel samhald i staden for samhald og pute), og sperrebukktåa like langt inn frå vegglivet/rafta på kvar side.

Rafta var også i vater og like høg på begge sider. Oversida av sperrebukken låg omlag 10 tommar under overkant sperre/underkant tro.

Metode: Takkonstruksjonen vart slått opp med krittsnor på golvet i full storleik, og mal for sperrebukk vart laga. Sperrebukkane vart hogne ut etter malen. Det vart også teke mål på den oppteikna takonstruksjonen for å bestemme kor sperrbukksolen og tåa ville havne i samhald/pute. Desse måla vart overført og sperrbukksole og tapphol for sperrebukken vart hogge ut i samhald/pute. Sperrebukkane vart reiste og stiva av i lodd over samhalden.

Åsane:

I originalbygget var åsane runde oppå, og det såg ikkje ut til å vere retta. Det var naturleg overflate på åsen. Der åsen var grov var han felt litt ned på sperrebukken og i toppenden av åsen låg han ofte rett på sperrebukken eller så var det klossa opp litt.

Dette fører til at åsen ikkje har ein eksakt dimensjon over sperrebukk heile vegen. Det vil variere litt ettersom kor rett åsen er. Dette fører også til at ein ikkje kan nytte ein sperremal med fast dimensjonering når sperrene skal på. Det var stort sett hogge ut av sperrene, men somme plassar var det også hogge av litt på oversida av åsen for å sleppe sperra lenger ned. (Dette kjem eg tilbake til)

Metode: Eg valde å legge opp åsane mot utsida av sperrbukken på samhalden. Dette er ei fin arbeidsplattform og ein kan merke breidda på fellinga på åsen direkte over frå sperrebukken. Åsane vart lagt med den rettaste sida opp. Dette vart gjort ved å sikte etter stokken og sjå kor han var rettast.

Klikk for store bilder og bildekarusell: Åsane lagt med rettaste side opp og klare for merking.
6 tommar er teoretisk åsdimensjon.
Ferdig uthogge åsfelling.
Opprulling av åsar.

 

Sperrer:

I det originale bygget var sperrene fint tilpassa åsane med ein liten skulp hogge ut med øks eller ein liten kloss der sperrene ikkje låg nedpå åsen. Sperrehakket var i vinkel på takplanet og sperrene var ikkje dimensjonert i breidde gjennom sperrehakket i rafta.

I det nye bygget er materialen saga, så difor var det naturleg å la sperrehakket vere i lodd. Det vart også gjort ei dimensjonering på breidda slik at sperrehakk og sperrer kunne lagast etter mal.

Metode: Overkanten av sperrene må danne eit plan slik at troet har eit jamt underlag og at taket blir rett. Sperrene vart retta på ei side. Denne flata dannar topp sperre-planet. Sidan åsane har er lagt på med naturleg overflate vil ein ikkje kunne dimensjonere sperrene på faste mål.

Likevel skal dei danne eit perfekt plan 10” over sperrebukkplanet. Ved å spenne opp ei snor som simulerer topp sperre frå raft og opp til mønsåsen kan ein måle eksakt høgde frå snora og ned til åsane (på mønsåsen må ein spikre på ei mellombels lekt for å få festa snora i rett høgde).

Denne høgda vert målt frå det høgaste punktet på åsen og i vinkel ut frå takplanet opp i snora. Possisjonen på desse høgdene bestemmast ved å legge på eit måleband frå sperrehakket og opp til mønsåsen og lese av.

Skjema med sperrenummer, dimensjonar og plassering av fellingar.
Sperreenden vart laga på mal. Målepunktet for plassering av fellingane er i sperrehakket.
Snor frå raft til mønsås.

Målebandet vart lagt på i sperrehakket (på sperra) og måla frå skjemaet førast på sperra. Ved å hogge uttaket i sperra slik at målepunktet og dimensjonen stemmer i midten, og at skulpen er litt større enn åsen vil sperra ligge fint på mot høgpunktet på åsen.

Sperrene vart dimensjonert til 5” i breidda, og sperrehakket vart merka på med ein mal som gav fast dimensjon på 3” gjennom sperrehakket i rafta og fast mål på utstikk.

Sperrebukk, ås og sperre.
Måling av sperredimensjon over ås.
Uthogging av fellingar før prøving.
Sperra fell fint mot åsen.

Når dei to ytterste sperrene i taksida er felt på plass valde eg å strekke snor mellom desse sperrene over kvar ås. Ved å måle ned frå desse snorene der som sperrene kjem samtidig ta lengdemål frå sperrehakket kan ein ta mål for alle sperrene på ein gong og skrive ned i skjema.

Det skal då i teorien bli eit snorbeint plan mellom dei to ytterste sperrene. Så sant dei er rette vil også resten bli det. Kvar enkelt sperre vart hoggen ut etter mål og prøva på. Ved å sikte mellom dei to ytterste referansesperrene kunne ein sjå om sperra måtte sleppast lenger ned.

Ca 7 av 10 sperrer passa perfekt ved fyrste prøving. Eventuell justering av gjort ved å hogge ut litt på leåsen for å sleppe sperra lenger ned. Dette vart gjort på augemål og sikta inn til det passa. Ein positiv effekt av å skrive ned skjema var at ein på førehand kunne plukke ut sperrer som passa til dei forskjellige måla og sikre at ein fekk nytta sperreemna best mogleg.

Det er kanskje tvilsomt at den originale takkonstruksjonen vart gjort på akkurat denne måten, men at snor og sikting har vore viktige i dette arbeidet er eg overtydd om.

Det trengst som alltid meir undersøkingar og utprøving for å komme enda tettare på original framgangsmåte, men faktum er i alle fall at denne metoden opplevdes som relativt rasjonell og effektiv. Bruk av mal på sentrale punkt, mykje augemål og minimalt med justeringar.

 

Denne artikkelen ble først publisert på Tradisjonshandverk  – bloggen til studiet i tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern ved NTNU.

 

En kommentar til “Felling av ås og sperre utan fast dimensjonering

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *