Fellesforbundet ruster til kamp om innleie. (Arkivfoto: Byggmesteren)

1 900 tillitsvalgte skal følge opp nye innleieregler

– No er det opp til oss å bruke dei verktøya Stortinget har gitt oss. Det er viktig at vi er på hogget, seier forbundsleiar Jørn Eggum i Fellesforbundet.

– Vi har tilsett ein person som berre skal jobbe med dette og har kursa 400 tillitsvalde og skal kurse 1.500 til, seier forbundsleiar Eggum. Forbundet iverksetter no den store kampanja Innleie: Flere faste jobber.

Les også: Nye innleieregler i 2019 og Inviterer til møte om utleie av lærlinger

Feira i fjor, må kjempe i år

Forbundsleiar Jørn Eggum og kollegaene feira med kake då KrF i juni gjekk saman med dei raudgrøne og vedtok innstrammingar for bemanningsbransjen.

– Det var ein høgtidsdag, seier han.

Frå nyttår vart det forbode med såkalla nulltimarskontraktar i alle bransjar, det vil seie avtalar der tilsette i bemanningsbyrå står utan lønn mellom oppdrag. I tillegg er det no berre bedrifter bundne av ein tariffavtale som får lov å leige inn arbeidskraft i større utstrekning enn det arbeidsmiljølova normalt tillèt.

Dårlege vilkår

Bakgrunnen for innstrammingane var særleg bekymringa for dårlege arbeidsvilkår blant arbeidstakarar på byggjeplassar i Oslo-området. Innleige stod for anslagsvis 14–18 prosent av årsverka i denne bransjen i Oslo og Akershus i 2016.

Eggum håpar no det blir færre som må sitje og vente på ein telefon om eit oppdrag, utan å vite når ein skal jobbe og kva inntekt ein har neste månad. For Fellesforbundet er det òg viktig at det no berre er bedrifter med tariffavtale med ei stor fagforeining som kan inngå generelle avtalar om innleige ut over dei normale rammene i lova.

– For oss blir det viktig å lage komprimerte arbeidsperiodar, så du ikkje må sitje på ei brakke i gokk og ikkje får tid med familien, seier Eggum. (Foto: Fellesforbundet)

Forbundsleiaren er likevel bekymra for dei bransjane som ikkje er like godt organisert, som til dømes servicenæringane. Her er det Arbeidstilsynet som må følgje med, og det er viktig at dei har ressursar til det, åtvarar han.

Næringa vil ha unntak

Bemanningsbransjen og den borgarlege regjeringa meiner opposisjonen gjekk altfor langt med dei nye reglane.
– Vi har forståing for at det var behov for ei presisering om kva som er faste stillingar, og dei fleste er einige om at meir føreseielege vilkår er viktig. Men dei nye reglane vil undergrave rolla til bemanningsbransjen som inngangsport til arbeidslivet, seier bransjedirektør Even Hagelien i NHO Service og Handel.

Han meiner dei nye reglane vil gjere det vanskelegare for studentar og andre som ønsker eit fleksibelt arbeidsforhold. Dessutan trur han terskelen blir høgare for at bemanningsbransjen vil tore å satse på langtidsledige eller andre med «hol i CV-en».

– Viss dei satsar på ein person som dei ikkje er sikker på om kundane vil ha, vil dei måtte betale full lønn, utan å vite om dei vil ha arbeid som gir inntekter, seier Hagelien til NTB. Han håpar framleis at det kan komme nokre unntak for desse gruppene.

– Når det er sagt, held vi oss til det nye regelverket og er veldig opptekne av at bedriftene handterer dette på ein ryddig måte, fortset han.

Problem med underleverandørar

Også NHO har kursa medlemmene sine i reglane og hjelpt til med å utarbeide kontraktar som skal vere i tråd med lova.
Hagelien trur regelendringane vil få bukt med nokre av problema i byggjebransjen, men ikkje alle.

Han viser til at problemet med useriøse arbeidsforhold ikkje berre gjeld bemanningsbyrå, men også underleverandørar.

– Behovet for fleksibilitet i byggjebransjen vil bestå, men det er ikkje sikkert det er bemanningsbransjen som vil løyse det, seier han.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *