(Skjermdump fra Doffin)

Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Stor nedgang i oppdrag på Doffin

I 2017 var det 3802 færre kunngjorde konkurransar i Doffin enn i 2016, ein nedgang på 19 %.

Hovudårsaka til fallet er ein stor nedgang i kunngjorde konkurransar mellom nasjonal terskelverdi og EØS-terskelverdi etter endringar i regelverket for offentlege anskaffingar, skriv Difi.

Les også: Markedet for småbedrifter tørker inn

Høgare terskelverdi

Endringa kan i stor grad forklarast med at talet på kunngjorde konkurransar mellom nasjonal terskelverdi og EØS-terskelverdi falt frå 9814 i 2016 til 5859 i 2017. Det er ein nedgang på 40 %.

Talet på frivillige kunngjeringar auka 44 % frå 941 til 1353 i same periode, mens talet på kunngjeringar i «Tenders electronic daily» (TED) gjekk ned 3 % frå 9003 til 8744.

Dei store endringane i talet på kunngjeringar heng saman med endringane i regelverket om offentlege anskaffingar som tok til å gjelde frå og med 1. januar 2017. Eit av føremåla med endringane i regelverket var å forenkle innkjøp i offentlege verksemder.

Ved å heve den nasjonale terskelverdien frå 500 000 til 1,1 millionar kroner blei alle anskaffingar med vurdert verdi under 1,1 millionar kroner unnateke plikt til kunngjering og detaljerte prosedyrekrav.

Sjølv om innkjøpsprosessen blei forenkla for disse anskaffingane, er det framleis krav til konkurranse, likebehandling og dokumentasjon. I eit brev sendt 14. februar 2017 til 700 offentlege innkjøparar, oppfordra næringsministeren mellom anna til å gjere mindre konkurransar kjent, for eksempel gjennom frivillig kunngjering.

Vanskeleg å vareta?

Difi gjennomførte ein ringerunde til 14 verksemder i offentleg sektor før jul i 2017. Vi spurde dei mellom anna om korleis dei varetek kravet til konkurranse i anskaffingar under nasjonal terskelverdi. Samlege respondentar sa dei varetok kravet ved å sende førespurnad om tilbod til mellom tre og fem leverandørar.

NHO har likevel uttalt at marknaden for offentlege kontraktar har blitt vanskelegare for småbedriftene etter at terskelverdiane auka fordi de ikkje lenger får vite om konkurransane.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *