Lærlingane frå det første kullet av vekslingsmodellen har no avslutta læretida si. Etter gode resultatar på sveineprøvane er dei klar for nye utfordringar. (Foto: Hordaland Fylkeskommune)

Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Siste veksling for nyutdanna tømrarar

– Det å få veksle mellom bedrift og skule gjer at eg har vore motivert og ikkje gått lei. Dette har vore gode år, seier den nyutdanna tømraren Robert Emil Våge.

Måndag 3 juli var det avslutningsmarkering for det første kullet tømrarar som er utdanna gjennom vekslingsmodellen i Hordaland fylkeskommune.

Les også: Motiverte elever som «bivirkning» av vekslingsmodellen og Yrkesfag: 100 endringer uten vekslingsmodell

I denne prøveordninga vekslar ungdommane mellom skule og opplæring i bedrift gjennom heile det fireårige opplæringsløpet. Det er Slåtthaug videregående skole som tilbyr modellen i tømrarfaget.

Tett oppfølging

Allereie det første semesteret hadde ungdommane to praksisperiodar i bedrift, og etter berre seks månader teikna dei lærekontrakt.

– Vi har fått god oppfølging av alle rundt oss og føler at vi har blitt satsa på, seier austevollingen Robert Emil som har fått tilbod om jobb i lærebedrifta si – Austevoll bygg.

– Å forandre miljø mellom skule og bedrift i opplæringa har vore positivt, legg Ole Petter Milde til. Han har vore lærling hos Byggmester Markhus og ser fram til å jobbe som fagarbeidar.

 

Suksess grunna godt samarbeid

Målet med ordninga som starta i 2013 er å utdanne gode fagfolk ved å spisse opplæringa mot sveinebrevet heilt frå starten.

– Dette har vore ein suksess. Dei fleste ungdommane har no tatt sveineprøva og bestått med svært gode resultat, seier Torbjørn Mjelstad, fagopplæringssjef i Hordaland fylkeskommune. Han framhevar det gode samarbeidet mellom Slåtthaug videregående skole, bedriftene, Byggmestrenes servicekontor og fagopplæringskontoret som avgjerande for å få dette til.

Robert Emil Våge og Ole Petter Milde synes kombinasjonen mellom intensive skuleperiodar og opplæring i bedrift har vore god. (Foto: Hordaland Fylkeskommune)

Fellesnemnaren for ungdommane i vekslingsmodellen er at dei er motiverte og veit kva dei vil bli. For å få begynne i ein vekslingsmodellklasse må ungdommane gjennom ein opptaksprøve med intervju og praktisk prøve. Alle som søkjer bygg- og anleggsteknikk i fylket får invitasjon til å søkje på ordninga.

Forutan tømrarfaget er det i Hordaland også vekslingsmodellklassar innan frisørfaget på Årstad videregående skole og Helse- og oppvekstfaget på Olsvikåsen videregående skole.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *