Naust i stavlinekonstruksjon. (Alle foto: Håkon Telnes Fjågesund)

Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Stramming av strevar i Nordmørsk Stavline

Stavlinekonstruksjonen er ein stavkonstruksjon der strevarar vert nytta til å stive av bygget. Eg vil no gå nærare inn på korleis me gjorde dette, skriv Håkon Telnes Fjågesund.

Strevarane kan ligge med varierande helling, og retning, men stort sett er det ein form for motståande symmetri i plasseringa av strevarane. Dette stavlinenaustet er ikkje kopi av noko konkret naust, men ein variant av Nordmørsk stavlinekonstruksjon.

Naustet vart bygd på Husasnotra våren 2016 til ein privat kjøpar. Jon Godal var rettleiar og instruktør.

Seinare vart det frakta ut til tomta og sett opp. Naustet står på hellande tomt, så syllomfaret heller, medan rafta er i vater. Ein av mange moment under oppsetting av naustet var forspenning eller stramming av strevarane.

Strevaren som står nærmast i bilete har lyfta underrafta opp frå staven. (Foto: Håkon Telnes Fjågesund)

Stramming av strevarane, har etter mi oppfatting, den funksjonen at det gjev konstruksjonen ei større potensiell motkraft til ytre påkjenningar. Hadde strevaren vorte lagt inn ”daud” ville ikkje konstruksjonen hatt same evne til å stå imot. Strevaren spelar ei veldig viktig rolle i samspelet mellom dei ulike konstruksjonselementa i bygget.

Eg vil no gå nærare inn på korleis me gjorde dette. Eg har ikkje sjølv fått høve til å studere strevarar i tilsvarande naust, men i følge tradisjonen Jon Godal formidla vidare frå tradisjonsberarar skal forspenning ha vore ein viktig del av denne måten å bygge på.

Sidan syllomfaret heller og følger terrenget måtte både stavar og strevarar produserast med overmål i lengde så dei kunne tilpassast individuelt. Før uttransport av bygget vart strevarane laga med tapp oppe og overmål i lengde. Tappholet i underrafta, altså oppe på strevaren vart også tappa ut på førehand. Tapp og tapphol i nedre enden av strevaren vart tilpassa når bygget stod oppreist med stavar.

Fra høyre: Tilpasning av strevar etter at bygget er oppført. Dette er ein strevarmal som vert brukt til måling / Merking av lengda på strevarmalen / Strevarmalen ligg oppå strevaren. Ved å forskyve tappholet gjer ein det litt trongt for strevaren / Her er stramminga på 5/8”. Det nedre tappholet forskyvast 5/8” inn. På biletet synast den opphavelege merkinga og ny strek. (Foto: Håkon Telnes Fjågesund)

Plasseringa av tappen var bestemt til å vere ein dimensjon frå staven, altså 6”. Det vart merka opp for tappholet på sylla, og ein strevarmal var sett opp i tappholet i underrafta og lagt på utsida av sylla slik at øvre side låg vinkelrett ut for enden av tappholet. Strevarmalen har ein tapp i toppen som er lik den som er på strevaren.

Strevaren settast inn i tappholet i toppen fyrst. For å få den nedre enden inn i tappholet nytta me spett og vågemat. På dette tidspunktet i byggeprosessen er det ingenting som held raftomfaret nede. Når strevaren vert lagt inn med stramming vil rafta lyfte seg litt. Det kan ein sjå ved at det vert glippe mellom stav og raft. (Foto: Håkon Telnes Fjågesund)

Når strevarmalen ligg rett strekar ein langs toppen av sylla og over på malen. Denne streken pluss tapp vil vere målet på strevaren.

 

Strevarmalen leggast då oppå strevaren. Tappen på malen og trevaren må ligge likt. Lengdemarkeringa i nedre ende av malen førast over på strevaren og under dette merket må ein legge til tapp. Strevaren kappast og tapp hoggast ut. Her er tappen i eine sida av strevaren.

Strevaren er 2/3 av stavdimensjonen slik at spikerslag for kledning vil flukte med yttersida av stavar, syll og raft. Sjølve stramminga av strevaren vert lagt inn når det nedre tappholet skal tappast ut.

For at stramminga skal ha nokon effekt må raft og syll dragast i hop att, slik at strevaren vert ståande i spenn. Me nytta strammeband til å dra dette i hop, men kva som har vore nytta tradisjonellt er ikkje heilt sikkert. (Foto: Håkon Telnes Fjågesund)

I følge Jon Godal har kjetting og bjønn vore bruka til å stamme opp, men ein vil nok også kunne få dette til ved litt kreativ bruk av taug. Strammeband er i alle fall effektivt! Til sjuande og sist er det kledningen som skal halde på dette spennet. Kledningen må spikrast i raft og syll for å låse stramminga.

Her som det er dobbel raft er det viktig at kledningen spikrast i overrafta. Då vil heile konstruksjonen vere låst.

Verveggen vart kledd med sidesua kledning, og spikra i overraft, syll og eitt spikerslag på midten. (Foto: Håkon Telnes Fjågesund)

Korleis dette er gjort og i kva grad det har vore praktisert i tradisjonelle stavlinekonstruksjonar må sjåast nærmare på.

Det har nok vore mange måtar og tilnærme seg denne problematikken på.

Dette viset å legge inn stramming på er i alle fall eit vis som let seg gjennomføre praktisk med tradisjonelle verktøy og metodar. Om det har eksistert ein generell praksis i forhold til storleik på bygg og grad av stramming har eg ikkje oversikt over, men det vert i seg sjølv eit eige tema.

Dette naustet måler 5x8meter og stramma med 5/8” på kvar strevar.

Om denne stramminga står i forhold til bygget sin storleik har eg ikkje nok erfaring eller kunnskap til å meine noko større om, men at stramminga ikkje må vere for stor trur eg er viktig.

Som så mange andre ting må det vere passeleg.

 

Denne artikkelen ble først publisert på bloggen til NTNU Tradisjonelt bygghandverk der du også finner mange andre gode artikler.

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *