– Her bygger vi med bindingsverksveggar, bjelkelag og takstolar slik vi gjer med einebustader. Men å bygge tre fulle etasjar med ein trekonstruksjon, har vi ikkje gjort før, seier dagleg leiar Hans Olav Hasund i Handverksbygg AS.
Han har åtte-ni mann i arbeid på leilegheitsbygget som dei reiser for kollega Din Bolig AS i Ørsta.
– Trekonstruksjonen er stiva opp med stål, og det har vore krevjande å tilpasse bindingsverket til stålkonstruksjonen, fortel byggeleiar Trond Lauvstad.
Bindingsverket i ytterveggane og seksjoneringsveggane er og stiva av med 18 mm OSB-plater.
– Slik har eg ikkje brukt OSB før, men slike plater har vi brukt mykje som undertak tidlegare, legg han til.
Kler som ein einebustad
Veggane vert isolert med Rockwool sitt Red Air system. Det er stive isolasjonsmatter som vert festa med lekter skrudd inn i OSB-platene.
Rett utanpå isolasjonen vert det lagt trekledning som på einebustader. Brannkrav gjer at det er nytta ubrennbare fasadeplater (Cembrit) i svalgangane.
Lyddekke i fleire lag
Lydisolering mellom einingane og mellom etasjane er løyst med kjende byggeteknikkar. Det er gjort med to bindingsverksveggar som er tosidig kledd og med 30-50 mm luftespalte mellom.
Etasjeskilja er bygd med I-bjelkar, og lyddekket er i fleire lag med trinnlydplater, gips og spon samt nedhengt himling. Ventilasjonskanalar er lagt i ei nedforing under heile lydhimlinga.
Kollegialt oppdrag
Handverksbygg AS har dette byggeoppdraget for kollega i Norgeshus, Din Bolig AS. Den eine har kapasitet som den andre ikkje har.
– For oss har dette vore eit fint prosjekt i ei tid med varsla nedgang på grunn av låg aktivitet i oljerelaterte bransjar, og det er fint at vi i Norgeshus kan vere kollegaer og ikkje konkurrentar, meiner Hans Olav Hasund.
Handverksbygg AS har vore forhandlar i Norgeshus sidan 2009, og har fleire fordelar av det. Særleg trekkjer han fram at Norgeshus er gode i profileringsarbeidet. Namnet er godt kjend og innarbeida, det gjev kvar forhandlar god drahjelp lokalt, meiner han.
Les også: Kollegaer hjelper kvarandre
Styrka i nedgangstider
– Nedgangstider gjev oss nye moglegheiter til å etablere kvalitet i prosjekta. Kundane har gjerne meir gjennomtenkte planar og vi får betre tid til å jobbe med dei. Det blir også lettare å halde kontroll med kostnadane. Er det derimot mange prosjekt å rekne på, kan det vere at vi får oppdrag som ikkje er så godt planlagde og som difor kan verte vanskeleg å få lønnsame. Det er og lettare å rekruttere gode arbeidstakarar når marknaden er rolegare, legg Hasund til.
Rehabilitering også
Firmaet har 23 tilsette totalt, tre er i administrasjonen og tre i ei byggevareforretning, 17 er tømrarar og to er lærlingar. I tillegg er det for tida fire prosjekttilsette tømrarar.
Totalt har Handverksbygg ein omsetnad på mellom 35 og 40 millionar kroner i året. Om lag ein tredel av det stammar frå rehabilitering.
– Vi har folk som har kompetanse til å utføre rehabilitering og reparasjonar på ein god måte. Dette er også viktig av omsyn til byggevareutsalet vi driv i kjeda Byggi. Det er fleire andre byggevarekjeder her, og vi konkurrerer ikkje einsidig med dei om lågaste pris. Vi kan derimot tilby kundane fagfolk som kan gjere jobben for dei, i tillegg til å gje gode råd, seier Hasund.
Tøffe kapitalkrav
No er utsiktene gode med nok å gjere til fram mot sommaren. Mykje handlar om einebustadar for private kundar samt varierte rehabiliteringsoppdrag. Firmaet har for tida liten aktivitet med utbygging i eigen regi. Hasund håpar dette kan vere eit satsingsområde framover, men opplever byggefinansiering som krevjande.
– Bankane krev salg på 70 prosent av eit prosjekt før vi får starte. Er det 10 leilegheiter i eit prosjekt, noko som kunne vore passeleg stort for oss, er det hardt å få selt sju før vi får ta til å bygge.
Les også: Mest spesielle vi har bygd
Fakta: Handverksbygg AS, Ulstein
Starta i Ulsteinvik på Sunnmøre i 1999 av Hans Olav Hasund og Halbjørn Sundgot. Sidan er tre tilsette komne inn på eigarsida.
Driv nybygging og rehabilitering med 17 tilsette tømrarar og to lærlingar.
Omsette for 38 millionar kroner i 2015.
Marknad i heimkommunen og nabokommunar på Sunnmøre.
Forhandlar i Norgeshus. Medlem i Byggmesterforbundet.
Eigen byggevarebutikk i kjeda Byggi.
Artikkelen er henta frå Byggmesteren nr. 1-17 som du kan bestille her