– Vi har basert oss på å leige inn tømrarlag og mindre sjølvstendige firma til å byggje for oss og har difor ikkje så mange tømrarar sjølve. Det var kjekt å bruke Handverksbygg då marknaden i dette området var nede i ein bølgjedal, sier Eiken.
Les også: Høgt passivhus i tre
Erfaring med trekonstruksjon
– Kvifor ville de ha desse blokkene med berande trekonstruksjon?
– Vi er vande med å bygge fleirmannsbustadar i trekonstruksjonar og har difor halde oss litt vekke frå betong. Difor vart det trekonstruksjon heile vegen i desse lavblokkene, seier Eiken.
Engeset Panorama er prosjektert av Norgeshus sentralt, COWI har stått for brann-/ lydprosjekteringa.
– For utan at bygget er eit passivhus med utanpåliggande isolasjon og avstiving, er det stort sett brannskilja som skil dette bygget frå andre vi har bygd. Fordi vi byggjer i tre etasjar, må vi bygge etter brannkrav på 60 minutt , medan det normalt er 30 minutt. Det løyser vi med ekstra platelag av branngips på vegg og etasjeskilje, og med Steniplater på veggar mot svalgangen, forklarer Eiken. Slike plater er også nytta i deler av gavlane, men det er av esteiske grunnar.
Godt tømrararbeid
Han er stolt av prosjektet og godt nøgd med arbeidet Handverksbygg har levert.
Vi rekner med at dei blir ferdige i tide slik at alle kan flytte inn tidleg på nyåret, seier Eiken.
Norgeshus Din Bolig AS har fem tilsette som er administrasjonen, og fem prosjektleiarar i Byggoppføring AS, eit selskap i same konsern.
– Korleis kan du vere trygg på kvaliteten når du ikkje har eigne tilsette tømrarar?
– Prosjektleiarane våre er nøye med å følgje opp prosjekta. Vi nyttar dessutan firma og tømrarlag som vi kjenner og som vi veit vil gjere ein god jobb. Din Bolig AS driv no berre med feltutbygging og oppføring av bustadar i eigenregi. Då arbeidet med reguleringsplanar og godkjenning frå offentlig mynde tek fleire år, svingar aktiviteten mykje.
Omsetninga vår har dei siste 5 åra svinga mellom 70 og 132 millionar, utan at det ligg nokon dramatikk i det. Slike endringar gjer det vanskeleg å basere drifta på eigne tilsette, meiner Eiken.
Eit av dei største på Sunnmøre
Han seier dei har råtomter til å bygge oppimot 600 bustader de nærmaste fem-seks åra. Eitt av prosjekta dei snart skal i gong med, er Håmyra bustadfelt i Volda med totalt 156 bueiningar fordelt på lavblokker og rekkehus. Det vert eitt av dei største bustadprosjekta som nokon gong er realisert på Sunnmøre, seier han.
No har han starta jakta på tømrarlag som kan gjere jobben.
– Du er ikkje redd for at marknaden vert metta?
– Nei, at marknaden «no er metta» har eg hørt sidan 1997 då eg starta selskapet, og det er no omlag 1.500 bustadar sidan, seier Eiken. Han legg til at trongen om eigen bustad står høgt i dette landet, og husnæringa er ikkje like utsatt som andre innkjøp og investeringar, meiner Eiken.
Artikkelen er henta frå Byggmesteren nr. 1-17 som du kan bestille her