Skjermbilde fra eByggWeb for Time kommune.

Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Time først ute med eByggWeb

Som første kommune i Rogaland innfører Time eByggWeb der byggesøknader kan følges fra start til slutt. Flere kommuner innfører systemet snart.

Ved å trykka på knappen eByggWeb på nettsida vår, kan dei som sender inn byggesøknader følgja søknaden frå «start til mål» kva tid som helst via nettet, skriver Time kommune.

Bedre dialog i byggesaker

Målet er òg at den nye nettbaserte tenesta skal  betra dialogen i byggesaker mellom søkjarar, kommunen, næringslivet og innbyggjarane generelt.

Elektronisk byggesaksdialog (eByggWeb) skal gjera det enklare for m.a. byggebransjen og innbyggjarane å skaffa seg informasjon om aktivitetar og avgjerder i aktive byggesaker. Med dette har kommunen òg utvikla ei ny elektronisk sjølvbeteningsløysing som bidrar til effektivisering av interne prosessar og rutinar.

 

Status når som helst

Med eit enkelt trykk på «knappen» får du til ei kvar tid direkte innsyn i saksbehandlinga, og tilgang til informasjon om saksgang og andre forhold som vedkjem byggesøknaden. Du kan følgja saksbehandlingsprosessen direkte via kommunen sitt arkivsystem, og henta ut status i saka kva tid som helst. Du får tilgang til tenesta direkte via kartportalen og byggesaksnettsida vår.

Byggesaksdialog er utvikla i nært samarbeid mellom medlemskommunane i Greater Stavanger dei siste åra. Dei øvrige medlemskommunane vil innføra systemet utover i perioden 2015-2016, avslutter Time kommune.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *