Statsråd Liv Signe Navarsete (Foto: Scanpix/Statsministerens kontor)

Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Dyrt ikkje å bygge for framtida

Administrerande direktør Baard Schumann i Selvaag Bolig gjev seg ikkje. Han held stadig fast i påstandane om at nye forskrifter gjev høgare inngangsbillett til bustadmarknaden for ungdom og dei som etablerer seg for første gong.

Debatten om kostnadene ved nye krav til økt tilgjengelighet og redusert energibruk i våre boliger fortsetter. Her svarer statsråd Liv Signe Navarsete på innlegget til administrerende direktør Bård Schumann i Selvaag Bolig, som sto i forrige Byggmesteren. Det var et svar på journalist Dag Solbergs tidligere innlegg i debatten. Begge innleggene kan leses via lenkene nedenfor.

 

Snevert perspektiv

Schumann har eit snevert perspektiv, men eit romsleg reknestykke, viss det er nye krav om tilgjenge og energikrav han siktar til.

Reknestykke me har viser at for ei typisk blokkleilegheit på 70 kvadratmeter kan universell utforming koste opp mot 100 000 kroner ekstra. Det er langt mindre enn det Schumann hevdar.

Ein stor del er kostnad til heis som kanskje uansett hadde blitt installert. Undersøkingar me har gjort viser at byggjemarknaden allereie har tatt høgde for desse kostnadene fordi bustadkjøparane etterspør heis.

Oppgradering av same bustad til full passivhus-standard, som inneber langt høgre krav enn dei som no kjem, vil liggje klårt under 100 000 kroner i auka kostnader.

Også andre faktorar påverkar bustadprisene. Til dømes lokalisering, tomtepris, produktivitet i byggjesektoren og byggefeil.

Men viktigast: Schumann overser at betre tilgjenge gir betre likestilling mellom alle grupper menneske. I dag kan rullestolbrukarar berre bruke sju prosent av norske bustader.

 

Tilpassa bustader

Betre utforming vil også kunne gi færre heimeulukker og bustadene vil vere tilpassa lange livsløp. Det vil spare samfunnet for store ressursar om fleire eldre kan bu og klare seg i sin eigen heim.

Også energikrava har ei pluss-side i rekneskapen for den enkelte i tillegg til å redusere klimautsleppa frå byggsektoren. Oppvarminga kostar mindre. Også det tener den enkelte og samfunnet.

Dei bustadane me byggjer i dag skal vere heimen til mange generasjonar. Me må byggje for framtida. Det vil vere langt dyrare å tilretteleggje bustadene seinare.

Dessutan: Nye bustader utgjer mindre enn ein prosent av den samla bustadmassen. Dei som skal etablere seg vil først og fremst orientere seg mot bustader som for lengst er bygd.

 

Tidligere innlegg:

Tilgjengelighetskrav fordyrer og debatteres

Selvaag Bolig: Diskriminerende forskrifter

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *