Prosjektet med å byggje seks nye utleigebustadar i Steinsvikkroken for 106,4 millionar kroner i Bergen kommune er klart til å gjennomførast med atterhald om tilskot frå Husbanken. (Illustrasjon: Henning Larsen arkitekter)

Føreslår 400 ekstra millioner til utleigebustadar i kommunane

Regjeringa føreslår å auke tilsegnsramma til Husbanken med 400 millionar kroner, og at denne kan brukast både til istandsetting, kjøp og bygging av fleire utleigebustadar i kommunane.

– Kommunane landet rundt gjer ein kjempeinnsats i å busette eit stort tal flyktningar frå Ukraina. For Arbeiderpartiet og Senterpartiet i regjering er det svært viktig å støtte opp under det viktige arbeidet kommunane gjer. Derfor føreslår regjeringa no tilskot til istandsetting, bygging og kjøp av utleigebustadar i kommunane, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Vil auke tilfanget av bustadar

Tilskot til utleigebustadar har gjennom tidlegare flyktningkrisar vore viktig for å utløyse investeringar i kommunane. Regjeringa føreslår å auke tilsegnsramma med 400 millionar kroner, og at denne kan brukast både til istandsetting, kjøp og bygging. Husbanken si vurdering er at mange bustadar ute i kommunane enkelt kan settast i stand og dermed auke tilfanget av bustadar.

–Vi opplev at kommunar over heile landet er svært positive til å busette flyktningar, men det er òg viktig at kommunane blir høyrde når dei melder at dei møter på kapasitetsutfordringar. Tilskotet er eit viktig bidrag for å hjelpe kommunane med å raskt kunne skaffe bustadar til flyktningar. Nytt frå tidlegare år er at kommunane òg kan få tilskot til istandsetting av bustadar, seier Gjelsvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *