(Illustrasjonsfoto: C. Kunøe)

Auka ramme for nye studenthyblar

STATSBUDSJETTET: For å få opp tempoet på studentbustadbygginga, vil regjeringa auke ramma for kor mykje ein hybel kan koste å bygge.  

I budsjettet foreslår regjeringa tilskot til 1 650 nye studentbustader.

Studentsamskipnadane peiker på auka byggekostnadar blant årsakene til at dei ikkje klarer å bygge innanfor dei gjeldande kostnadsrammene.

I dag er ramma per hybeleining på 1.011.900 kroner i pressområda og 955.700 kroner i resten av landet. No aukar regjeringa ramma til 1.450 000 kroner per hybel i heile landet, og justerer satsane for tilskot etter forventa prisvekst.

Energieffektiviserer  meir

Regjeringa vil òg bruke 141,5 millioner kroner til ein tilskotsordning for energitiltak i studentbustader.

– Når vi bygger nye studentbustader eller bygger om gamle, må vi sikre at dei er mest mogleg energieffektive. Det er bra for økonomien og det er bra for miljøet, seier utdanningsminister Ola Borten Moe.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *