(Alle foto: Voss vgs)

Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Byggfagklassen i Vestrerled

Vg1 Bygg- og anleggsteknikk på Voss vidaregåande skule har vore i Skottland og lært om tradisjonell byggeskikk.

Ei veke med variert program der dei har møtt elevar på St. andrews High school og Fife college. Dei har vore på Scottish Lime centre og dei har fått omvisning i Edinburgh og St. Andrews. Det var også ein klasse frå Torun i Polen som tok del i opplegget i Skottland.

Les også: – Bør lære om massivtre i skolen

Internasjonal skule

Voss vidaregåande skule har arbeidd med internasjonalisering sidan år 2000 har me pr. i dag alle yrkesfagene i praksis i Europa. Dette skjer som regel i 2. utplasseringsperioden på Vg2. Då søkjer elevane skulen og mellom 3-4 frå kvart programområde får dei eitt 4 vekers opphald i Europa.

For byggfagavdelinga har me vald å søkja «Gjør det» midlar- eitt norsk-tysk samarbeid. Me søkjer DIKU kvart og vert tildelt 4 stipend for byggfagelevar til Tyskland.

Trivelig besøk frå Polen og Skottland

Prosjektet starta i 2018 der Voss vidaregåande skule fekk ein telefon frå Fife college om me ynskte å delta i eitt Erasmus+ prosjekt. Internasjonal koordinator – Trond Remme og avdelingsleiar – Ivar Flatabø diskuterte dette og saman med Byggfagavdelinga med Leif Johan Mandelid i spissen takka me ja til dette.

Prosjektet har mellom anna som mål å promotera utdanning innan tradisjonell byggeskikk. Det er 4 skular som er med i prosjektet, 2 i Skottland, ein i Polen og Voss vidaregåande skule frå Noreg.  I September var det ein klasse frå Skottland og ein klasse frå Polen som kom til Voss der dei fekk sjå og læra om grindbygg og lafteteknikk.

No var det Voss vidaregåande sin tur til å reise til Skottland. Avreise var sundag 03.11 om kvelden frå Bergen til Aberdeen. Her var det minibuss frå Aberdeen til Fife – rett nord for Edinburgh.

Måndag 04.11 – Dunfirmline

I dag ha me vitja ein ungdomsskule og møtt elevar som dei vart kjent med då dei besøkte oss på Voss. Etter lunsj var me på besøk på Fife College, dette er ein skule som liknar på vår, dei har mekaniske fag, elektrofag og byggfag.

Her fekk me ein flott omvisning og fekk prøva oss på skiferstein, noko dei bruker mykje på taka sine her og. Skifer er ein felles utfordring me har med tanke på at mange tak treng rehabilitering. I morgon vert det mur, stein, mørtel og Cement som byggemateriale.

Tysdag 05.11 – Charlestown

Etter frukost gjekk turen med buss til Charlestown der me skulle læra om Lime og Slate. Fyrst fekk gutta støypa ei løva med gips i ei form.

Etterpå fekk me sjå korleis ein lagar Plaster av Lime og heste/geitehår. Alle måtte prøva seg å tradisjonell Plastering, verktøyet dei brukte var ein Hawk og ein Trawel. Dette klarte gutta fint.

Å arbeida med Slate (skifer) var kjekt og litt meir kjent for våre elevar. Til slutt gjekk turen til Sterling der me fekk sjå og høyra om korleis Skottland jobber med å ivareta gamle bygg på tradisjonellt vis. I morgon gleder me oss til å bruka dagen i Edinburgh.

Onsdag 06.11 – Tur til Edinburgh

I dag gjekk turen med buss til Edinburgh. På vegen kryssa me elva Firth of forth. Over elva var det bygd tre fantastiske bruer, ei for tog (den raude) var eldst, ei for buss og den nyaste for biltrafikk.

Me gjekk frå sentrum og opp til Castel of Edinburgh der me fekk flott omvisning. Etter ein tur innom historisk museum fekk gutta lunsj og shoppingfri. Det vart ein kjekk dag i ein historisk flott by.

Torsdag 07.11 – St.Andrews

I dag gjekk turen med buss til den vakre kystbyen St.Andrews. Me fekk sjå ruinene til den største katedralen som nokon gong har vore bygd i Skottland, 130 meter lang.

Me var opp i tårnet som står att, 160 trappetrinn, og fekk ein nydeleg utsikt over heile byen. Me vitja og ruinene til byens «Castle», under borga var det ei kullgruva der dei tok ut kull til eige bruk. Me måtte og besøkja den berømte golfbanen i St. Andrews som har hatt mange PGA-turneringer, the home of golf. Til slutt ein runde i byen og lunsj før turen gjekk heimover. Før middag var det rapportskriving, rapporten skal skrivast på engelsk.

Me avslutter Skottlandsturen med Bowling i kveld før me reiser heimover i morgon.

Fredag 08.11 – Heimreise

Turen gav innsikt i dei utfordringane som ein har i Skottland med vedlikehald av eldre bygningar i stein og betong. Det er eit stort behov for rehabilitering. Prosjektet set lys på dei utfordringane som er og ein har eitt mål om at tradisjonell byggeskikk skal verte ein større del av læreplanane i Byggfag.

Oppsummering

Turen gav innsikt i dei utfordringane som ein har i Skottland med vedlikehald av eldre bygningar i stein og betong. Det er eit stort behov for rehabilitering. Prosjektet set lys på dei utfordringane som er og ein har eitt mål om at tradisjonell byggeskikk skal verte ein større del av læreplanane i Byggfag.

Turen til Skottland var vellukka både fagleg og sosialt.

Fagleg fekk ein sett både ungdomsskule og ein yrkesfagsskule. Fife college hadde også byggfag og likna vår skule. Her arbeidde dei med skiferlegging av tak. Det stod modellar inne i verkstaden som elevane kledde med skifer. Elevane våre møtte fleire av dei elevane som var på Voss vidaregåande i September, og det gjekk ikkje lang tid før dei utveksla erfaringar og historiar.

Engelsklærar Gro Karin Dolve Øvsthus var med av fleire grunnar. Me driv aktivt med FYR prosjekt. FYR er yrkesretting av fellesfagene. Då finn engelsklærar saman med byggfaglærar eitt tema som omhandlar byggfag. Så får eleven oppgåver på engelsk som er knytt til Byggfag. Engelsklærar fekk innblikk i korleis lærarar innan byggfag arbeider og har eitt større grunnlag for å laga gode engelskoppgåver knytt til Bygg- og anleggsteknikk.

Neste som no står på agendaen er at den andre byggfagklassen reiser til Polen i mars 2020 for å sjå korleis dei arbeider med tradisjonell byggeskikk!

 

Leif Johan Mandelid – fagansvarleg og kontaktlærar Byggfag

Trond Remme  – Internasjonal koordinator

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *