4 av 10 søkere fått godkjent lærekontrakt, viser tall per 1. september 2017. Det er en liten økning fra i fjor. (Illustrasjonsfoto: Byggmesteren)

Fleire yrkesfagelevar får læreplass

Den 1. september har 2600 fleire elevar fått læreplass enn for fire år sida, viser førebelse tal. Det er ein auke på over 30 prosent.

– Dette er gode nyhende, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Positiv utvekling

– Etter fleire år med satsing på å skaffe fleire læreplassar, er vi glade for at utviklinga no går rett veg og at fleire elevar får høve til å fullføre opplæringa si i ein bedrift. Arbeidslivet treng fleire fagarbeidarar i framtida, seier  Isaksen.

Den positive utviklinga kjem fram i førebelse tal frå Utdanningsdirektoratet i dag. 1. september i år har 10 400 yrkesfagelevar fått læreplass. Det er ein auke på over 30 prosent samanlikna med same tidpunktet i 2013 då 7 781 hadde fått læreplass.

Flest i Hedmark, færre i Østfold

Det er store forskjellar mellom fylka i kor stor del av søkarane som har fått læreplass. 1. september har 57 prosent av søkarane i Hedmark fått læreplass. I Østfold har 16 prosent fått læreplass.

Framleis ventar mange yrkesfagelevar på å få læreplass innan nyttår. I januar kjem oversikta som viser kor mange som har fått læreplass dette skoleåret.

 

– Vi er ikkje i mål. Dei siste åra har det vore om lag 9000 elevar som ikkje får læreplassen dei ønskjer seg. Derfor hald  regjeringa fram satsinga på yrkesfag og læreplassar, seier Røe Isaksen.

Regjeringa har blant anna auka lærlingtilskotet med 21 000 kronar per kontrakt, for å gjere det lettare for verksemder å ta inn lærlingar. Regjeringa har også laga ein strategi for å få fleire lærlingar i staten og oppretta ein merkeordning for læreverksemder.

Det er også innført krav om at verksemder  må ha lærlingar for å kunne få jobben når det offentlege har store oppdrag ute på anbod.

Tala frå Utdanningsdirektoratet viser også at det er 980 fleire elevar som har søkt om læreplass i år samanlikna med i fjor.

Du kan sjå meir om saka på udir.no

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *