Byggeskikkprisen til Stavanger

Stavanger kulturskole og Stavanger katedralskole avdeling Bjergsted er vinnaren av Statens byggeskikkpris 2013.

– Eg voner skulebygga blir ein god møtestad for elevar, lærarar og heile byen i mange år framover. Her har byggherre og arkitekt løyst oppgåva på ein framifrå måte, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Statens byggeskikkpris er rekna som ein av dei gjævaste prisane innan norsk arkitektur- og byggjeskikk. Prisen på 200 000 kroner blei delt mellom Arkitekturverkstedet/Asplan Viak AS og byggherre Stavanger kommune og Rogaland fylkeskommune.

Eit eineståande prosjekt

Juryen, med leiar Anne Enger i spissen, seier dette er eit eineståande prosjekt der både byggherre og arkitekt har hatt høge ambisjonar – og dei har verkeleg lukkast. Barn og unge i Stavanger har fått eit kulturelt skuletilbod av ypparste klasse, seier Enger.

Katedralskolen (nærmest) og Kulturskolen sett fra nord. (Foto: Jiri Havran)
Katedralskolen (nærmest) og Kulturskolen sett fra nord. (Foto: Jiri Havran)

– Eg oppmodar byggjenæringa til å satsa på berekraftige og samfunnsgagnlege kvalitetar. Statens byggeskikkpris skal synleggjere og påskjøne god byggjeskikk og samstundes inspirere til å oppfylle sentrale kvalitetar innanfor universellutforming og miljø, seier Navarsete.

 

Utstilling i Oslo rådhus

I Oslo rådhus kan ein frå den 26. juni sjå nærare på god byggjeskikk. Utstillinga syner vinnaren av Statens byggeskikkpris 2013, samt dei seks andre nominerte prosjekta i bilete, ord og teikningar. Utstillinga vil vera open til 19. juli.

 

Heidrande omtale til to bygg

St. Olavs hospital, Trondheim og Steilneset Minnested, Vardø fekk heidrande omtale av juryen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *