–VestlandsHus Voss har i mange år bygt flotte bustadar og hatt spesielt fokus på å gje sine kundar ei god oppleving gjennom byggeprosessen. Det var difor eit lett val å kåre selskapet til årets forhandlar, seier dagleg leiar Dagfinn Helsem i VestlandsHus.

Kåringa skjedde på landsmøtet i VestlandsHus i Surnadalen 21. mai der alle dei 47 forhandlarane var til stades.
Forhandlaren har 10 ansatte og har vore med i kjeden siden 2008.
Andre kriterium som vart lagd til grunn for kåringa, var mellom anna lokal profilering, kor gode dei var på å nytte innkjøpsordningane i kjeda, god deltaking på kurs og sjølvsagt antall solgte hus, seier Helsem.
Aktiv på sosiale media
– Vi vart positivt overraska over at det var nettopp oss som vann denne kåringa. Vi i VestlandsHus Voss er eit godt team og det gir god motivasjon når vi vinn ein slik pris, seier eigar og dagleg leiar Magne Hagenson.
– Det vi er spesielt gode på, er å bruke sosiale media som portal til kundegruppa vår. Suksessoppskrifta er å vere fysisk til stades og ta bilete i byggeprosessane, og vidare vere aktive mot å nå ut til kundar gjennom bruk av sosiale media.
– Det hjelp også på å ha ei dyktig dame på kontoret, seier Magne Hagenson om Siren Hovland som er huskonsulent
Magne Hagenson er byggmeister og nestleiar i styret i Byggmesterforbundet Voss & Hardanger.

(Foto: VestlandsHus)