Dei amerikanske hagestolane, oppkalla etter The Adironack Mountains nord for New York, har vore sett på som praktiske, robuste og elegante varer sidan arkitektstudenten Thomas Lee forma den første i 1903.
Seinare har fleire kopiert eller tilpassa designen for å laga eigne variantar. Ein av dei er ein ung tømrar-elev frå Os.
– Vi fekk laga nokre sånne på skulen. Eg teikna litt om, auka storleiken litt, og byrja å laga mine eigne, fortel Trym Ødegård Aksnes.

No går han rett i garasjen etter middag og jobbar fram til han legg seg. Også i helgene er det tidleg opp og seint i seng.
– Eg fekk mange bestillingar som skulle bli ferdige i april, så dei siste vekene har vore hektiske. No er eg nokolunde a jour, men det kom ei bestilling til i helga, så det blir ikkje fri denne veka heller.
… mens han ventar på læreplass
Trym går tredje år på tømrarlinja ved Os vgs, og har sidan i vinter søkt læreplass.
– Vi er 7-8 elevar i klassen. Ingen av oss har fått læreplass enno, det ser litt vanskeleg ut.
– Det blei noko mindre praksis på skulen dei siste åra, så det saknar vi.
– Snekring av blomekassar og solstolar er ikkje berre litt butikk, det er kjekt å gjera noko praktisk, og å ha noko fornuftig å gjera på når eg har fri.
År etter år med okkupert garasje
Den unge møbelsnekkaren er veslebror til fotball-freestyler Sondre Ø. Aksnes. Sondre har stått og triksa i garasjen til foreldra sidan 2014, men må no vika for Trym si verksemd.
– Ja, eg har vel jaga han ut, men han kan no triksa kor som helst, seier Trym og ler.
Trym starta med blomsterkassar i 2019, og fekk selt 20-25 kassar det første året. Adirondack-stolane er nytt i utvalet frå no i vinter.

– Adirondack-stolane er noko høgare prisklasse, men har selt bra dei òg. Det ser ut som om dette er noko folk set på ønslkjeliste til seinare, eller gir i gåve.
Salet skjer på Finn.no og via anbefaling frå andre som har kjøpt.
– Eg vurderer no å starta eit enkeltmannsforetak, for det kan sjå ut som om sal og produksjon held seg oppe.