Kvart år blir Riksantikvarens kulturminnepris delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for kulturminne.
No kan du foreslå kandidatar til prisen her.
To verdige vinnere i fjor
Prisen i fjor vart delt av Torbjørn Løland frå Hyllestad og Per Olav Mathiesen frå Rendalen. Dei fekk kulturminneprisen for sitt arbeid for kunnskap om arkeologiske kulturminne. To ulike områder i Noreg, og to verdige vinnarar.

Riksantikvarens kulturminnepris
Entusiastar land og strand rundt gjer ein strålande innsats for å ta vare på våre kulturminne.
Riksantikvarens kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for:
- bevaring og/eller restaurering av kulturminne
- formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt
- bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne
Prisen består av eit kunstverk og diplom. I tillegg mottar vinnaren 25 000 kroner. Dersom vinnaren er ein offentleg institusjon, vil pengepremien bli gitt til ein frivillig organisasjon eller eigar, som vinnaren kan bestemme.
Vinnaren blir valt av ein jury på bakgrunn av nominasjonsforslag. Juryen består av Riksantikvarens leiargruppe.
Prisen blir delt ut på Riksantikvarens Høstmøte november 2020.
Frist for å nominere kandidatar er 30. juni 2020.