Asle Våge blir den første til å ta doble fagbrev i Vågegruppa. (Foto: Lene Mo Flataker / Vågegruppa)

Asle tar både fag- og svennebrevet i Vågegruppa

Til hausten går Asle Våge inn i eit dobbeltløp, takka vere ein avtale med Ørsta vidaregåande skule, for å ta fagbrev innan betongfaget og svennebrevet i tømrarfaget i A. Våge AS og Volda Bygg AS.

Asle Våge blir den første til å ta doble fagbrev hos oss, skriver Vågegruppa.

Stort konkurransefortrinn

– Vi har hatt lærlingar innan betongfaget i mange år, men det er spennande både for A. Våge AS og Volda Bygg AS at vi no kan køyre gjennom lærlingar med doble fagbrev. Asle er den fyrste til å gjere dette i våre to selskap, som begge er del av Vågegruppa. Det seier Alex Heltne, personalleiar i Vågegruppa. HMS- og HR-leiar i Vågegruppa.

– Det gir oss eit stort konkurransefortrinn i dagens og framtidas marknad, og det er veldig kjekt at vi er i ein posisjon for å kunne tilby dette lokalt.

Asle Våge går et alternativt løp og satsar på både svennebrev i tømrarfaget og fagbrev i betongfaget. (Foto: Lene Mo Flataker / Vågegruppa)

Ettertrakta kompetanse

Jan Kjetil Holen, lærar ved avdeling for bygg og anleggsteknikk ved Ørsta vidaregåande skule, seier at Asle har gått tømrarlinja på Ørsta vidaregåande skule og ynskjer ikkje berre fagbrev som tømrar, men også i betongfaget.

– Dette er mogleg. Asle får til dette ved å starte læretida i betongfaget hjå A. Våge AS i haust, men får eit halvt år ekstra læretid sidan han ikkje tok vg2 Betong og mur, i tillegg til ein teorieksamen i betongfaget.

Etter at fagbrevet i betongfaget er bestått vil Asle starte direkte opp med læretid i tømrarfaget hjå Volda Bygg AS, der han har alt formelt godkjent som følger av at han gjekk Vg2 Tømrar.

– Han vil då sannsynlegvis få noko redusert læretid på fagbrev nummer to på bakgrunn av praksis og at han allereie har fullført eit fagbrev. Då sit han igjen med dobbelt fagbrev og har ein kombinert kompetanse som er svært ettertrakta i bransjen, held Holen fram.

Viktig med alternative løp

– Her ved Ørsta vgs prøver vi å legge til rette for at elevar som brenn for fleire fag enn tømrar, kan få vere utplassert i desse. Innan faget yrkesfagleg fordjupning kan elevar utplasserast både innan betong, anleggsførarfaget, røyrleggar og treteknikk, for å nemne noko, seier Holen vidare.

– Det viktigaste er at både lærebedrifter og skulen legg til rette for alternative løp, slik at både næringa og elevane får sine yrkesdrøymer oppfylt, og at ein får fylt på med den kompetansen som det lokale næringslivet faktisk har behov for.

Asle Våge må stå på i tida fremover. (Foto: Lene Mo Flataker / Vågegruppa)

Fredrik L. Klock, dagleg leiar i Byggopp M&R, seier at dei bistår både skule, eleven og bedriftene med å få oppretta denne forma for alternative løp, og at dei har god erfaring med liknande avtalar også andre stadar i fylket.

– Det er utruleg viktig at skuleverket og næringslivet samarbeider slik at elevane kan få den utdanninga dei ønskjer seg aller mest i nærområdet der dei bur, samtidig som lokale bedrifter får dekt sine arbeidskraftsbehov. Dette er rett og slett vinn-vinn for alle involverte partar, og ikkje minst dei elevane det gjeld for.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *