Det er krav til verneutstyr og sikring når ein arbeider med materiale som inneheld asbest. (Foto: STAMI)

Korte inngrep kan frigjere mykje asbest

Sjølv ved kortvarig arbeid med asbesthaldige materiale kjem det mykje asbestfibrar i lufta. Derfor er det viktig å vite kva materiale som er brukt, før ein startar med renovering eller riving av eldre bygg.

Asbestmateriale var populære bygningsmateriale i Noreg frå 1930-talet, fordi dei var haldbare og motstandsdyktige mot vind og vêr. Materiala blei forbodne på 1980-talet, då ein fann ein samanheng mellom asbesteksponering og fleire kreftformer. Likevel finst slike materiale framleis i bygningar og hus frå perioden.

At det finst asbestfibrar i byggjemateriale, er nemleg uproblematisk så lenge dei får liggje urørt.

 

 

– Det er først når ein byrjar å handtere desse materiala, til dømes ved riving og renovering, at asbestfibrane blir frigjorde så ein kan puste dei inn. Derfor er det viktig at slikt arbeid blir gjort av nokon som veit korleis dei kan verne seg sjølv og andre mot asbesthaldig støv, fortel STAMI-forskar Torunn Kringlen Ervik.

 

Tok prøver under ulike typer arbeid

Ervik er førsteforfattar av ein nyleg publisert studie der forskarane undersøkte kor mykje og kva slag asbestfibrar som blir sloppe ut i lufta ved asbestsanering.

I studien samla forskarane inn luftprøver frå bygg der ein sanerte asbesthaldige materiale. Dei innhenta personlege prøver frå pustesona til arbeidarane, og stasjonære prøver frå fastplasserte prøvetakarar. Forskarane samla inn prøver både innandørs og utandørs.

Dei innvendige prøvene blei tatt mens arbeidarane handterte isolasjonsplater (Asbestolux), røyrisolasjon, PVC-fliser og eit korkplategolv. Dei utvendige prøvene blei tatt ved arbeid med takplater, takshingel og veggshingel (Eternit).

Arbeidarane brukte stort sett handhaldt utstyr som skrutrekkjarar og brekkjern for å fjerne vegg- og takplatene, og golvskrape for å fjerne golvflisene. Bruk av maskin skjedde berre ved sliping av golv.

Les heile artikkelen hos STAMI

Høg eksponering ved kortvarig arbeid

Prøvene med dei høgaste fiberkonsentrasjonane var tatt i samband med fjerning av isolasjonsplater (Asbestolux). Dette er plater som inneheld mykje amositt og krysotil, og som lett smuldrar opp.

– I nokre tilfelle var fiberkonsentrasjonane over 40 gonger høgare enn grenseverdien vi har i dag, fortel Ervik.

Forskarane ønskte også å undersøkje asbesteksponering ved kortvarig arbeid (opptil 60 sekund). Dette omfatta mellom anna å bore hol eller sage i materiala.

– Det viste seg at også slike små arbeidsoperasjonar førte til relativt høge konsentrasjonar av asbestfibrar i lufta. Dette understrekar kor viktig det er å kartleggje asbesthaldige materiale før ein startar rivinings- eller renoveringsarbeid, så ein unngår å puste inn asbest, seier ho.

Forskaren peiker på at studien også indikerer kor viktig det er med god og lett tilgjengeleg rettleiing om verneutstyr til huseigarar som vel å gjere asbestfjerninga sjølv.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *