(Illustrasjonsfoto: Regnskogfondet)

Interiørkjede får straffegebyr for ulovleg handel med treprodukt

Interiørkjeda Home and Cottage får eit straffegbyr på 275.000 kroner etter fleire brot på regelverket mot ulovleg handel med tømmer og treprodukt.

Miljødirektoratet har ved tilsyn avdekt at hovudkontoret ikkje har tilstrekkelege interne kontrollsystem på plass som bidreg til at treprodukta dei sel, ikkje stammar frå ulovleg hogst. Spesifikt hadde ikkje Home & Cottage AS teke ein årleg gjennomgang av risikovurderingane, slik regelverket krev.

Sterke virkemiddel mot alvorlege avvik

– Miljødirektoratet ser alvorleg på at Home & Cottage hadde gjentakande avvik, etter at me har vore på tilsyn over fleire år. Me meiner at konsernleiinga i Home and Cottage ikkje tek miljøregelverket på alvor. Det er bakgrunnen for at me gir gebyret. Klagefristen har gått ut, og leiinga har godteke gebyret, seier Mathieu Veulemans, seksjonsleiar for varetilsynet.

Kontroll med leverandørane

Verksemder som importerer treprodukt frå land utanfor EU/EØS skal ha eit internkontrollsystem (såkalla ordning for tilbørleg varsemd). Dette skal sørgje for at importørar har kontroll over leverandørkjeda og kvar treprodukta kjem frå, heilt frå der hogsten skjer til når han kryssar norske grenser. Med eit slikt system og rutinar på plass, kan importørane avdekkje og redusere risikoen for at treprodukt stammar frå  ulovleg hogd tømmer i land utanfor EU/EØS.

Les også: Fem sosiale bærekraftsutfordringer i byggebransjen

Gjennomgang kvart år

Mange forhold kan endre seg i leverandørkjeda og i landet der hogsten skjer. Derfor skal verksemdene ha ein årleg gjennomgang av risikovurderingane av opphavet av treprodukta og vurdere om det har skjedd eventuelle endringar i leverandørkjeda.

Ein stor klima-og miljøutfordring

Handel med tømmer og treprodukt frå ulovleg hogst er eit stort klima- og miljøproblem. Ifølgje Interpols Environmental Security Programme, blir det anslått at ulovleg hogst kan utgjere opp mot 85 prosent av avskoginga i land med mykje regnskog.

Forskrifta om omsetning av tømmer og treprodukt med opphav utanfor Noreg tredde i kraft i 2015, og implementerer EUs tømmerforordning med tilhøyrande forordningar.

Kva er tropisk tømmer?

Kva som er tropisk tømmer som vi ikkje må importere eller bruke, kan vere vanskeleg å avgjere, skriv Regnskogfondet på nettsidene:

«En god huskeregel kan være at tropiske tresorter ofte er mørke og varme i fargen. De siste årene har imidlertid leverandørene blitt flinkere til å behandle andre treslag så de ligner tropisk tre i fargen, så spør alltid etter hvilket materiale produktet er laget av.

De vanligste tropiske treslagene i møbler og båt er gjerne teak og mahogni, mens parkett kan bestå av treslag som merbau, meranti, eukalyptus eller rosewood. For kjøkkenbenker brukes det for eksempel wengé, sipo, og jatoba.

Navnene er mange og ofte litt vanskelige å huske.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *