Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen og næringsminister Jan Christian Vestre besøkte Voldsløkka skole i Oslo da regjeringen presenterte nye krav i Norgesmodellen for offentlige anskaffelser. Nå foreslår de flere endringer i arbeidsmiljøloven. (Foto: Arbeids- og inkluderingsdepartementet)

Rett til fast jobb etter tre års midlertidighet

Regjeringa foreslår flere endringer i arbeidsmiljøloven, blant annet arbeidstakerbegrepet i loven, arbeidsgiveransvar i konsern og kollektive ordninger for vernetjenesten og arbeidsmiljø.

– Me følgjer opp forslaga frå Fougner-utvalet, slik me har lova i Hurdalsplattforma. Arbeidsmiljølova er ein av berebjelkane i den norske modellen, og det er derfor viktig at lova blir forsterka og fornya for å møta utviklinga i arbeidslivet. Desse forslaga vil bidra til det, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

Les også: Nye seriøsitetskrav i Norgesmodellen

Ei presisering av arbeidstakar

Regjeringa foreslår ei presisering av arbeidstakaromgrepet i lova, og at sentrale moment for klassifiseringa blir tekne inn i lovteksten. Dette vil gjera tydeleg når lova skal gjelda og gi eit klarare og meir brukarvennleg regelverk for arbeidstakarane og arbeidsggjevarane.

Regjeringa foreslår også ein presumpsjonsregel om at arbeidstakarstatus skal leggjast til grunn med mindre oppdragsgjevar kan bevisa at det er eit oppdragsforhold.

– Med dette forslaget blir det enklare for dei som er i ei «gråsone» mellom arbeidstakar og oppdragstakar å avklara rettsstillinga si.

Rettar og vern i konsern

Regjeringa foreslår vidare at ansvaret for nokre arbeidsgjevarfunksjonar skal gjelda for alle selskap som inngår i eit konsern. Dette gjeld for det første stillingsvernet til arbeidstakaren. Regjeringa foreslår at selskap som er ein del av eit konsern ved nedbemanning skal ha plikt til å tilby anna passande arbeid og gi fortrinnsrett til ny stilling til tilsette i andre selskap i same konsern. For det andre foreslår regjeringa reglar om informasjon og drøfting i konsern.

– Gjennom desse forslaga vil regjeringa styrka rettane og verna til arbeidstakarane i samband med omstruktureringar.

Rett til fast jobb etter tre år

Regjeringa foreslår også at ein mellombels tilsett arbeidstakar skal ha rett til fast tilsetjing etter tre års samanhengande tilsetjing, same kva som er grunnlaget for den mellombelse tilsetjinga.

– Desse forslaga som me har lagt fram i dag, vil som sagt styrkja rettane til arbeidstakarane. Dei vil mellom anna demma opp mot tilknytingsformer der formålet er å omgå arbeidsgivaransvaret, i tillegg til at dei byggjer opp under partssamarbeidet, seier statsråd Mjøs Persen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *