Vestland fylkeskommune ønskjer å auke kompetansen på restaureringshandverk. (Illustrasjonsfoto: Eskil Roll)

Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Utviklingsstipend for tradisjonshandverkar

Profesjonelle handverkarar innan tradisjonelle handverksfag som bur og har sitt virke i Vestland fylke kan nå søkje på eit særleg stipend.

Satsinga skal fremje handverksfagleg utvikling knytt til tradert kunnskap i Vestland fylke. Søknadsfristen er 1. mai, skriv Vestland fylke.

Fagleg stoltheit

Vestland fylkeskommune ønskjer å auke kompetansen på restaureringshandverk og å ta vare på immateriell kulturarv. Det vil dei gjere ved dokumentasjon og utøving av eldre handverkstradisjonar, med vekt på dei som er knytte til vestnorsk byggeskikk og maritim kulturarv.

Stipendet på 50 000 kronar skal skape stoltheit og merksemd om den sentrale rolla tradisjonsberande handverkarar har i det å ta vare på kulturminne og vidareføre immateriell kulturarv til framtidas generasjonar.

Desse kan søke

Profesjonelle handverkarar innan tradisjonelle handverksfag som bur og har sitt virke i Vestland fylke. Stipenda kan gå til

  • tradisjonshandverkarar
  • dei som arbeider med
    • verktøymaking knytt til eldre handverksteknikkar
    • dokumentasjon og formidling av immateriell kulturarv
    • kortreist materialproduksjon

Det er krav om fullført vidaregåande opplæring med anten fagbrev/sveinebrev eller minst fem års relevant arbeidserfaring.

Handverkarar under 30 år som er i etableringsfasen vil bli prioritert.

Ein fagkomité skal og vurdere søknadane. Stipendkomiteen er rådgjevande og skal vurdere og innstille ein søkjar til å få stipend. Innstillingane skal vere grunngjevne. Det vert ikkje lagt fram offentlege vurderingar av andre enn den nominerte kandidaten.

Les meir om stipendet og send inn digital søknad her.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *