Fra venstre, Øyvind Malmin (RFK), stipendvinner Leif Harald Jørmeland, Inghild Vanglo (RFK), stipendvinner Jørn Magne Flesjå og Lars Riese (RFK). (Foto: Elisabeth Krey Jenssen, RFK)

Nytt stipend og heder til handverkarar

Jørn Magne Flesjå vil dokumentere riggen til eldre småbåtar i Rogaland, mens Leif Harald Jørmeland skal lære seg lafteteknikk for å ta vare på gamle hus. Til dette har dei fått fylkeskommunen sitt nye utviklingsstipend for tradisjonshandverkarar.

Rogaland fylkeskommune har i år oppretta eit nytt utviklingsstipend for tradisjonshandverkarar innan bygnings- og fartøyvern. Fredag 23. september blei to stipend, på 75 000 kroner kvar, tildelt båtbyggar Jørn Magne Flesjå frå Finnøy og tømrar Leif Harald Jørmeland frå Hjelmeland.

– Tradisjonshandverkarane spelar ei nøkkelrolle i nesten alt som har med kulturminnevern å gjere. Heldigvis finst handverkarar som Flesjå og Jørmeland i Rogaland, som behandlar kulturminnet med den respekten det fortener, seier Inghild Vanglo (Ap), leiar av regional-, kultur- og næringsutvalet i fylkeskommunen.

Fagleg fordyping

Formålet med det nye stipendet er at handverkarar i Rogaland får utvikle seg fagleg utvikling innan bygnings- og fartøyvern, og stimulere og inspirere til framleis innsats for kulturarven.

– Dette stipendet gir meg ein spark til å komme i gang med noko eg lenge har ønskt å fordjupe meg i, fortel Jørn Magne Flesjå.

Jørn Magne Flesjå ved Ryfylke trebåtbyggjeri totalrestaurerer skøyta Svanå fra 1919. (Foto: Elisabeth Krey Jenssen, RFK)

Han etablerte Ryfylke trebåtbyggjeri i 1993 og brenn for dei tradisjonelle Rogalandsbåtene. Ved kaia og i verkstadhallane på Finnøy har Flesjå ulike båtar til reparasjon og restaurering. Skøytene Kvitsøy 1 frå 1939 og Svanå frå 1919 som begge er verna av Riksantikvaren totalrestaureres, den vesle jolla “Margaret Allen” til utvandrarbåten «Restauration» skal få seilrigg montert og nokre fiskebåtar står på slippen. For å nemne noko.

I fleire år har Flesjå ønsket seg meir kunnskap og dokumentasjon av riggen på tradisjonsbåtar i Rogaland. Ein rigg er seglfartøyet si mast og tilhøyrande tauverk. Flesjå vil studere små båtar frå 1850 til 1920 med størrelse opp til 25/30 fot, færingar (robåtar med to par årer) og seksæringer (robåtar med tre par årer).

– Rogaland har ikkje vore så flinke til å dokumentere si eiga historie. Dei til dømes vore mykje flinkare til å dokumentere båtane frå Hardanger til Nordland, seier Flesjå.

Han planlegg å starte innsamlinga av informasjon no i haust.

Viktigare å reparere enn å bygge nytt

Stolt kulturarvambassadør er òg Leif Harald Jørmeland i Hjelmeland. Han er meir oppteken av å reparere gamle ting enn å bygge nytt.

– Å få dette stipendet er ein hyggeleg klapp på skuldra og det gjer at kan vidareutvikle meg som handverkar. Allereie som liten gutunge blei eg fasinert av alle lafta stabbura på Haukeli. Dette er ein byggeteknikk som eg no vil lære meg meir om, for å bidra til å restaurere lafta hus, fortel Leif Harald Jørmeland.

Tømrer Leif Harald Jørmeland i Årdal gamle kyrkje. (Foto: Elisabeth Krey Jenssen, RFK)

For to år sidan starta han sitt eige byggefirma, med regionale oppdrag som tradisjonshandverkar kombinert med jobb som ambulansesjåfør. Det siste året har han hatt restaureringsoppdrag i Årdal gamle kyrkje, blant anna i takkonstruksjonen og åket til kyrkjeklokkene frå 13-, 1400-talet. Klokkene var opphavleg i den gamle stavkyrkja på staden, før første del av dagens raude kyrkje blei bygd i 1619. Kyrkja er freda og bli rekna som ei av dei mest særprega renessansekyrkjene i landet.

– For delen min har det vore svært kjekt å jobbe med restaureringsarbeid i denne kulturhistoriske kyrkja. Eg har stor respekt for tømrarane som har jobba her tidlegare. Vi har mykje å lære av historia, og for delen min som er oppteken av handverket kan eg lese av verktøyspor og materialspor, og bruke dette for å gjenskape tradisjonell byggeskikk. Det blir heil feil å velje raskaste og billigaste løysing, seier Jørmeland.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *