Heimdalstrand. bustadhuset ferdig sett i stand. (Foto: Elisabeth Tonheim, Riksantikvaren)

Nettarkiv med gode istandsettinger

Riksantikvaren har laga ei digital eksempelsamling som viser gode løysingar innan norsk bygningsvern.

Treng du inspirasjon til arbeidet med freda og verneverdige hus?

Se gode løsninger

Riksantikvaren har laga ei digital eksempelsamling, som viser gode løysingar innan norsk bygningsvern.

Nettsida skal vise gode eksempel innan ulike tematikkar i bygningsvernet, som verktøy for forvaltinga og inspirasjon for folk flest. Her vil du finne gode eksempel frå heile landet på arbeid og løysingar.

Her kan tilsette i forvaltinga og huseigarar finne mellom anna gode løysingar og moglegheiter for tilpassing og endring for verneverdige og freda kulturminne og kulturmiljø.

Heimdalstrand Villa

Eksempelsamlinga er under kontinuerleg arbeid og vil regelmessig verte oppdatert med nye eksempel. Eit av dei første er istandsettinga av Heimdalstrand Villa i Balestrand.

Heimdalstrand. Utsmykking og dekorasjonsmåling i gavlen etter istandsettinga. (Foto: Elisabeth Tonheim, Riksantikvaren)

Heimdalstrand villa var sommarhus og arbeidsstad til målarinna Emma Normann Pastor, og var sannsynlegvis den siste dragestilvillaen som vart reist i Balestrand. Huset var bygd i 1910, i tillegg er det eit stabbur på eigedomen som vart nytta som atelier. Villaen vart vedtaksfreda i 2017. 

Eksempelsamlinga kan du besøke her.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *