Inga Elisabeth Næss. Vinnar av Riksantikvarens kulturminnepris 2020. (Foto: Sigurd Neby, Riksantikvaren)

Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Kulturminneprisen til Inga Elisabeth Næss

– Ho får prisen for sitt mangeårige arbeid med kulturvern, både på Bakklandet i Trondheim og i Vega i Nordland, sier Riksantikvaren.

Kvart år blir Riksantikvarens kulturminnepris delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for kulturminne. 11. november vart det kunngjort at Inga Elisabeth Næss får Riksantikvarens kulturminnepris 2020.

− Inga Elisabeth Næss sitt engasjement for kulturarv er inspirerande, og eg vil gjerne gratulere så mykje med prisen! Kystkulturen på Vega og bygningsmiljøet på Bakklandet i Trondheim er to kulturmiljø som er anerkjente og høgt verdsett. I dette arbeidet har innsatsen til Inga Elisabeth Næss vore uvurderleg, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Bakklandet i Trondheim

−Eg er så glad for at nokon har sett arbeidet og betydinga av det. Det er flott å bli satt pris på, seier Inga Elisabeth Næss.

−Eg har brukt mykje av tida mi på å dokumentere og synleggjera verdiar, både på Bakklandet og Vega. Og det at det blir lagt merke til, ja det blir eg skikkeleg glad over!

Inga Næss var engasjert i arbeidet for å bevare bydelen Bakklandet i Trondheim. (Foto: Lene Buskoven, Riksantikvaren)

Bakklandet var i dårleg stand, og i 1983 vedtok kommunen at den nye hovudvegen skulle gå over Bakklandet. Næss vart med i aksjonsgruppa og jobba politisk for å stanse prosjektet.

Aksjonsgruppa fekk innbyggjarane til å sjå verdiane ved å halde bydelen ved like, og til slutt snudde politikarane. I dag kjem mange til Bakklandet for å sjå resultatet av den viktige kampen som vart gjort på 1970- og 80-talet.

Vega i Nordland

På Vega i Nordland arbeidde Inga Elisabeth Næss med dokumentasjon av øy-historie og oppdaga ærfuglane gjennom dette arbeidet. Sanking av egg og dun frå ærfuglane har vore ein viktig del av næringsgrunnlaget på Helgelandskysten heilt fram til i dag.

E-hus på Skjærvær fiskevær. (Foto: Birger Lindstad, Riksantikvaren)

I 1997 grunnla Næss ærfuglmuseet E-huset på Vega. Vega-øyane står no på UNESCO si verdsarvliste, og ei viktig årsak til det er synleggjeringa av generasjonars skjøtsel av øylandskapet og arbeidet med ærfugl.

Juryens grunngjeving

Heilt sidan 1970-talet har Inga Elisabeth Næss engasjert seg for saker ho trur på. Det starta med bevaring av Bakklandet i Trondheim, og etter kvart vart det ærfugltradisjonen på Vega ho ville ta vare på og vidareføre. Inga Elisabeth Næss såg tidleg korleis både kultur og natur var viktige for vidareføringa av den særeigne kystkulturen på Vega. Dette blei seinare anerkjent av UNESCO og Vega fekk status som verdsarvstad.

No er kystkulturen på Vega anerkjent og høgt verdsett. I dette arbeidet har innsatsen til Inga Elisabeth Næss vore uvurderleg.

Riksantikvarens kulturminnepris

Riksantikvarens kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for:

  • bevaring og/eller restaurering av kulturminne
  • formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt
  • bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *