(Illustrasjonsfoto: Opplæringskontoret for tømrerfaget )

Ein av 20 elevar på yrkesfag sluttar på skulen

Sjansen for å slutte på vidaregåande skule er mykje større blant dei som tar eit yrkesfagleg utdanningsprogram enn for elevar på studieførebuande program. Og gutane sluttar i større grad enn jentene.

– Vi veit at dei som ikkje fullfører vidaregåande no når landet er i ei koronakrise, vil ha dårlege føresetnader for å komme i arbeid. Derfor er denne regjeringa i gang med den største satsinga på vidaregåande opplæring på mange tiår, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Les også: Falsk alarm om frafall og For negativt om frafall

Vil fjerne snublesteinar i systemet

Ny statistikk frå Utdanningsdirektoratet for skuleåret 2019-20, syner at fem prosent av elevane på yrkesfag slutta i løpet av skuleåret, utan å ha begynt på eit anna utdanningsprogram. På studieførebuande  var talet 1,9 prosent.

Elevar som i løpet av skuleåret byter utdanningsprogram eller skule, reknast ikkje med i denne statistikken.

Sjå alle tala frå Utdanningsdirektoratet her. 

– Vi veit at mange som begynner på yrkesfag har låge karaktersnitt frå ungdomsskulen. Tida er no inne for å sjå på dei store snublesteinane i systemet. Kanskje bør det vere slik at nokre elevar kan bruke ekstra tid på å gjennomføre, seier Melby. (Foto: Regjeringen)

Det er også eit problem at elevar på yrkesfag synest skulekvardagen er for teoretisk og at dei får spesialisert seg for seint.

– Denne hausten gjer vi derfor dei største endringane for yrkesfaga sidan Kunnskapsløftet i 2006. Yrkesfaga har fått ein ny struktur med tilbod om  tidlegare spesialisering slik at elevane får lære meir om faget dei skal jobbe med. Fleire fag har også blitt meir praktiske, seier kunnskaps- og integreringsministeren.

600 færre slutta totalt

Totalt syner statistikken at delen elevar som slutta på vidaregåande gjekk ned frå 3,4 prosent i 2018-19 til 3 prosent i 2019-20. Dette tilsvarar rundt 600 færre elevar som har slutta.

Sjølv om fleire fullfører vidaregåande, meiner Melby at man ikkje skal slå seg til ro med det.

I løpet av våren legg regjeringa fram ei fullføringsreform som blir ei historisk satsing på vidaregåande opplæring.

– Andelen som fullfører i løpet av fem år har auka dei siste åra, men framleis er vi langt frå målet om at ni av ti skal fullføre. Vi må gje elevane meir valfridom til å følgje sine eigne interesser og evner. Då har vi også trua på at fleire blir motiverte til å fortsetje i utdanninga, seier Melby.

Gutar sluttar i større grad enn jenter

Fråfallet varierer mellom dei ulike utdanningsprogramma. Andelen som slutta var størst på design og handverk, der 7,8 prosent ikkje fullførte. På idrettsfag derimot, var det berre  ein prosent som slutta i løpet av skuleåret.

Totalt er det også fleire gutar enn jenter som sluttar. 3,4 prosent av alle gutar som tok vidaregåande opplæring slutta i 2019-20, mot 2,7 prosent av alle jenter.

– Dette har dessverre vore ein trend lenge og det er på høg tid at vi gjer noko med det. Vi må ha ein skule som løftar alle, uavhengig av kjønn og bakgrunn, seier Melby.

Færrast sluttar i Møre og Romsdal

Det er store variasjonar mellom fylka når det gjeld delen av elevar som droppar ut. I Møre og Romsdal slutta 2,3 prosent av elevane i løpet av skuleåret. Det er lågast i landet.

I Nordland, der flest slutta, er delen 4,2 prosent. Nordland har høgst del som slutta på kvart trinn.

Trøndelag skil seg også ut med ein høg del som slutta i løpet av det siste året på vidaregåande, Vg3. I Nordland og Trøndelag er  det rundt dobbelt så mange  som slutta på dette trinnet som i  dei andre fylka.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *