Linn B. Erstad er politiførstebetjent i økonomi- og miljøavsnittet i Møre og Romsdal politidistrikt. (Foto: NHO)

Tvinges til å bryte karantenereglene

– Fyrste veka i mai har vi så langt skrive ut fem førelegg i to ulike saker, advarer politiet i Møre og Romsdal som trapper opp innsatsen mot useriøse bedrifter som utnytter utenlandske arbeidstakere.

Når samfunnet delvis opnar att kan useriøse arbeidsgivarar ta snarvegar for å sikre inntening i eiga bedrift.

Spesielt utanlandske arbeidstakarar kan verte ståande i skvis i behovet for inntekt, frykt for å miste jobben, lojalitet til arbeidsgivar, innførte koronabestemmelsar og bedrifta sine brot på lover og reglar, advarer politiet i en pressemelding.

Les også: Fem smittet og ni i karantene på samme byggeplass

Fem førelegg

Karantenebestemmelsane gjeld utlendingar som kjem inn til landet og dei gjeld også for nordmenn som har vore i utlandet.

– Fyrste veka i mai har vi så langt skrive ut fem førelegg i to ulike saker. Kvar av dei på 20.000 kroner til arbeidstakarane etter brot på karantenebestemmelsane og 30.000 kroner til arbeidsgivar som har sett desse i arbeid. Arbeidstakarane har ikkje halde den lovbestemte karantena etter at dei kom frå utlandet, og har i staden gått rett ut i arbeid, seier avsnittsleiar Linn Breivik Erstad på økonomi- og miljøavsnittet i Møre og Romsdal politidistrikt.

Ei sak er knytt til ei bedrift innan tatoveringstenester med ein-til-ein-behandling. Her er verksemda inntil vidare stengd av kommuneoverlegen. Dei to arbeidstakarane og arbeidsgivar har vedteke førelegga.

Den andre saka omhandlar ei bedrift i byggebransjen. Arbeidstakarane har vedteke førelegg, og etterforskinga mot arbeidsgivar er enno ikkje avslutta.

Spelereglane

– Spelereglane i norsk arbeidsliv gjeld også i den situasjonen vi er i no, seier Erstad. Ho viser til dei iverksette krisepakkane frå Regjeringa som skal hjelpe privatpersonar, næringslivet og samfunnet. Politiet og andre kontrollmyndigheiter følger no opp for å hindre bevisst utnytting og svindel i tiltaka.

Både arbeidsgivarar og arbeidstakarar kan få bøter og straff ved bevisste brot på smittevernreglane eller permitteringsordningane.

Det same gjelder for andre former for utnytting av arbeidstakarar som følge av koronapandemien.

Tverretatleg innsats

–Vi arbeider nå tverretatleg blant anna for å hindre at sårbare grupper vert offer for urimeleg arbeidspress og utnytting, seier Erstad. Ei sårbar gruppe som skil seg ut er dei utanlandske arbeidstakarane, spesielt dei som verken kan eller vil reise heim på grunn av karantenebestemmelsane.

Alle må sette seg godt inn i lover og reglar som gjeld. Arbeidsgivarar med utanlandske arbeidstakarar vert spesielt oppfordra til å legge innsats i å informere om pliktene, og ikkje minst rettane kvar einskild tilsett har i den krevjande situasjonen vi står i.

Tips og informasjon om misbruk og moglege brot på regelverk vert fulgt opp med høg prioritet. Politiet understrekar at det er viktig at ein følger regelverket, når Norge no gradvis opnar opp att samfunnet.

Samtidig planleggast det for meir kontrollaktivitet saman med andre etatar innan fleire bransjar.

– Vi har eit godt tverretatleg A-krim samarbeid i politidistriktet som no koordinerer innsatsen mot arbeidslivskriminalitet, avsluttar Erstad.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *