(Illustrasjonsfoto: Byggmesteren)

Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Overgang til digitale skjema for arbeidstidssøknader

Frå 1. september må alle som skal søke Arbeidstilsynet om gjennomsnittsberekning av arbeidstid eller utvida overtid, søke digitalt. Den digitale løysinga er alt på plass og klar til bruk.

– Den digitale søknadsløysinga gjer søknadsprosessen enklare, seier direktør Trude Vollheim i Arbeidstilsynet.

For søknadspliktig overtid

Gjennomsnittsberekning av alminneleg arbeidstid opnar for ei alternativ fordeling av arbeidstida. Dette gjer at arbeidstakaren i periodar kan jobbe meir enn grensa for alminneleg arbeidstid, mot tilsvarande mindre i andre periodar. I gjennomsnitt skal arbeidstida likevel ikkje overstige grensene i arbeidsmiljøregelverket.

Arbeid ut over desse grensene for alminneleg arbeidstid, er overtidsarbeid.

Overtid er berre lovleg dersom det er særleg og tidsavgrensa trong for det. Overtid kan ikkje brukast som ei fast ordning.

Både gjennomsnittsberekning og utvida overtidsarbeid kan i nokre høve vere søknadspliktig til Arbeidstilsynet.

Betre rettleiing

Fram til no har søkarane kunna sende begge søknadstypane som e-post eller brev.

Ettersom begge søknadene krev detaljerte opplysningar og dokumentasjon i form av vedlegg, har søknadsprosessen ofte vore omfattande for søkarane.

– Det har ført til at ein stor del av søknadene har mangla opplysningar som må til for at Arbeidstilsynet kan behandle søknaden. Dermed har det vore naudsynt å hente inn tilleggsopplysningar for å få saka godt nok opplyst, fortel Vollheim.

Sikrare måte å søke på

Digital søknad er ein sikrare måte å søke på enn papirbaserte løysingar. Søkaren logger seg på via ID-porten, og søknaden blir lagra på Altinn. Da kan den som søker, finne att søknaden sin der.

Her er dei nye skjemaa:

Skjemaet er utvida og inkluderer no søknad om arbeidstid som fråviker kravet om arbeidsfri periode eller arbeidstid på 13 timar.

Fleire søker om alternative arbeidstidsordningar

Dei siste ti åra har Arbeidstilsynet sett ein klar auke i talet på søknader om ulike arbeidstidsordningar. I 2008 var talet 1608. Ti år seinare var talet auka til 2209. Det gir ein auke på litt over 35 prosent. Arbeidstilsynet får flest søknader om gjennomsnittsberekning av arbeidstid frå bygg- og anlegg, verft og helse og omsorg.

– Vi ønsker at søkarane tar i bruk dei digitale skjemaa med det same. Det gir ein meir effektiv søkeprosess for både søkarane og saksbehandlarane våre, seier direktør Trude Vollheim.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *