(Arkivfoto: Byggmesteren)

Ryfylke søker museumshandverkar

Har du utdanning innanfor tømrarfaget og erfaring med restaurering av kulturhistoriske bygningar og fartøy? Då vil Ryfylkemuseet gjerne høyre frå deg.

Ryfylkemuseet forvaltar 85 bygningar og to større antikvariske båtar, og er det største bygningsmuseet i Rogaland.

Se utlysningen her.

Attreisa bygningsarven

Bygningssamlinga representerer eit stort spenn i alder, sosial tilknyting, bruksområde og byggeteknikk. Ryfylkemuseet har lenge arbeidd med dokumentasjon av den lokale byggeskikken og handverket som har skapt den.

Museet har eit ansvar for også å ta vare på sjølve handverket, den immaterielle kulturarven, og arbeider med å atterreisa og spreia kunnskapen om dei gamle tradisjonelle bygningsfaga for å sikra kvaliteten på arbeidet med bygningane slik at dei kan stå fram som truverdige referanseobjekt for den lokale bygningsarven.

Museumshandverkar 100% stilling

Arbeidet med bygningsvern er organisert i ei bygningsavdeling som har ein fast tilsett antikvar/avdelingsleiar og tre museumshandverkarar. Ryfylkemuseet er godkjent opplæringsbedrift for lærling i tømmerfag.

Ein av museets museumshandverkarar skal pensjonere seg, og Ryfylkemuseet søker etter ein etterfølgar i 100% stilling. Dei ønskjer tiltreding 1.august 2019.

– Sjølvstendig og i team

Museumshandverkaren er ein del av bygningsavdelinga. Hovudsete er Sand i Suldal, men avdelinga har ansvar for vedlikehald av museets anlegg spreidd i heile Ryfylke. Ryfylkemuseet søker ein person som kan arbeide sjølvstendig og i team.

Avdelinga har ansvar for vedlikehald av eigne anlegg, og det inneberer mange forskjellige oppgåver og ein variert arbeidskvardag. Ryfylkemuseet ønsker seg difor ein kollega som er løysningsorientert, fleksibel og allsidig. Personlig dugleik vil bli vektlagt.

Ved større restaureringsprosjekt kan det bli aktuelt at museumshandverkaren får ansvar for ein arbeidsgjeng. Ryfylkemuseet har ein lang tradisjon med å arrangere kurs i tradisjonelle handverk, og ønsker å vidareutvikle satsinga på formidling av bygnings- og fartøyvern.

Ryfylkemuseet ønsker oss difor ein kollega som er komfortabel med å formidle kunnskap, for eksempel som kursleiar eller under arrangement.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *