Horn er i dag leiar for avdelinga for byggjeprosjekt i Plan- og bygningsetaten i Oslo kommune. (Foto: skjermdump DiBK)

Ny direktør i direktoratet

Per-Arne Horne er i dag tilsett av Kongen i statsråd som ny direktør for Direktoratet for byggkvalitet (DiBK).

Horne er tilsett for ein åremålsperiode på seks år.

Erfaring og kompetanse

– Horne har ein svært relevant kompetanse og lang erfaring som leiar, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Direktør Per-Arne Horne. (Foto: DiBK)

Per-Arne Horne er 57 år og utdanna ingeniør frå Trondheim Ingeniørhøgskole. Han har sidan 1987 jobba i ulike stillingar i Plan- og bygningsetaten i Oslo kommune. I dag fungerer han som leiar for avdelinga for byggjeprosjekt i same etat.

Horne har etter sine mange år i Oslo kommune brei og solid erfaring frå ulike delar av plan- og bygningsregelverket, og god innsikt i kva byggjebransjen og andre som brukar regelverket treng.

Dette kjem godt med i arbeidet med å forenkle og betre byggjesaksprosessen, inkludert arbeidet med å få gode digitale løysingar.

Skal sikre gode bygg

DiBK er rådgjevar for Kommunal- og moderniseringsdepartementet, den sentrale styresmakta for det bygningstekniske regelverket, og fører tilsyn med reglane om dokumentasjon av eigenskapane til byggjevarer. Direktoratet driv òg ordninga for sentral godkjenning av føretak etter plan- og bygningslova.

Direktoratet har om lag 80 tilsette og kontora ligg i Oslo og på Gjøvik.

– DiBK skal bidra til sikre og gode bygg, og vere pådrivar for enklare og meir digitale byggjeprosessar. Per-Arne Horne har god kjennskap til og interesse for lovverket og utviklinga av det. Eg er trygg på at han vil gjere ein god jobb som leiar for DiBK, seier Mæland.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *