YRKESSTOLTHEIT: Fem skuledagar har byggfag-elevane ved Voss vidaregåande skule brukt på å byggja ei grindløe med gamle teknikkar og verktøy. –Tøft, synest ungdomane sjølve. (Alle foto: Anne Rivenes)

Brukar gamle teknikkar og verktøy

Femten tømrarelevar har bygd ei Vossaløe med handverktøy og gamle teknikkar. Dei har også lært å slipa og ta vare på verktøy. – Det handlar om yrkesstoltheit, seier byggjeleiar og instruktør Trond Oalann.

-Ikkje trakk på materialane. Viss dei vert skitna til med sand, øydelegg det verktøya, åtvarar Trond Oalann.

Han er byggjeleiar ved Hordaland fylkeskommune, og kursinstruktør for vg2-elevar på byggfag ved Voss vidaregåande skule.

I løpet av ei veke skal elevane byggja ei grindløe med hjelp av handverktøy og gamle handverksteknikkar. Rett nok ikkje i full storleik, men 2,5 gonger 4 meter er nok arbeid til alle.

Godt handlag

Byggeprosjektet føregår inne i ein verkstadhall hjå Vestnorsk kulturakademi. Femten ivrige bygg-elevar bevegar seg rundt på byggjeplassen, og verktøyet er nyslipt.

-Me kan kalla det grindløe eller stavløe frå Voss. Slike finst det mange av, både som utløer og mindre bygg på garden, seier Oalann.

Eit grindbygg er eit lite bygg med ein bete og eit stavleie, men ei grindløe slik som denne har to betar og to stavleie. Ein kan byggja grindløa mykje større, og framleis bruka smekre dimensjonar.

-Her er mykje tilpassingar, og det gjeld å ha godt handlag, seier faglærar Kåre Tveite ved Voss vidaregåande skule.

HANDVERK: Stian Gjøstein (t.v) og Torkel Dolve Stalheim brukar hoggjern og klubbe når dei lagar klauv øvst på stavane.

Mange faguttrykk

Stian Gjøstein og Torkel Dolve Stalheim er i gang med andre staven. Med hoggjern og klubbe lagar dei klauv som tappen på beten skal passa oppi. Det tek tid å læra alle fagutrykka, men i løpet av ei veke skal elevane både ha bygd den vesle grindløa, og samstundes dokumentert arbeidet med foto og tekst som skal framførast på skulen.

-Dette er kjekt å læra. Det var slik dei gjorde det i gamle dagar, når dei ikkje hadde elektriske sager og måtte gjera alt for hand, seier Torkel Dolve Stalheim, andreårselev på byggfag.

-Det er tungt arbeid, seier Stian Gjøstein, som svingar klubba. Etter to dagar har dei rokke å bli imponerte over folk i farne tider som bygde langt større bygg med handmakt og heilt andre verktøy enn i dag.

TUNGT ARBEID: Med ei stor treslegge vert staven hamra ned i beten. Stian Gjøstein har fått oppdraget med å svinga slegga.

-Tenk at me har bygd dette på berre fem dagar! Det er skikkeleg tøft, seier Torkel Dolve Stalheim. Dei andre nikkar og samstemmer. Dei er stolte over kva dei har fått til, og alt dei no har lært.

Seriøsitet

– Viss berre éin av elevane vert engasjert, og kjem inn på dette sporet, er det vellukka. Me treng nokre ungdomar som kan dei gamle handverksteknikkane, meiner Trond Oalann, formidlar av gamal byggjeskikk.

Det er Norsk Håndverksinstitutt som betalar for timane som Oalann brukar denne veka. Ein vidaregåande skule i landet får påspandert eit slikt kurs kvart år, og fleire gonger har det blitt Voss.

– Eg kjem tilbake hit fordi eg likar miljøet og seriøsiteten til skulen. Og ungdomane gjev uttrykk for at dette er viktig og interessant, seier Oalann. (Foto: Privat)

Filmar undervegs

Faglærar Kåre Tveite er glad for den spesielle skuleveka med gamal byggeskikk.

-Dei unge vil bli tømrarar og byggja nye hus. Men me har mange gamle bygningar som må farast fint med, og som ein ikkje må øydeleggja med dårleg handverk. Difor er det viktig at dei lærer korleis gamle bygg er sett saman, og korleis dei kan takast vare på, seier Tveite.

I tillegg til det fysiske bygget, jobbar elevane med gamal byggeskikk i norsk og samfunnsfag. Dei lærer om historie, materialval og verktøy. Og dei lagar filmsnuttar undervegs, med presentasjon av detaljar som til dømes sliping eller å setja opp verktøy.

Full skjerping

Når elevane byggjer grindløe, brukar dei gamle handverktøy. Sager, økser, hoggjern og høvlar lyt vera kvasse og i god stand. Difor får elevane slipe-kurs og opplæring i å ta vare på verktøyet.

SLIPEKURS: Når ein skal byggja solide bygg, må verktøyet vera i orden. Vegard Herre, Ådne Kalvik og Ahmed Mohammed lærer å slipa hoggjern, knivar, høvlar og økser.

– Slipe-prosessen er meir omfattande enn me hadde trudd, samstemmer Vegard Herre, Ådne Kalvik og Ahmed Mohammed. Dei står med kvar sine hoggjern som skal skjerpast på slipestein og bryne.

-Når ein sliper, lærer ein også meir om funksjonen til verktøyet og om ulike kvalitetar. Det har med yrkesstoltheit å gjera, å kunne ta vare på godt verktøy. Både under bruk, transport og lagring, seier instruktør Oalann.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *