Byggmester Kolås forklarar at årsaka til konkursen er ei usemje firmaet har hatt med Opplysningsvesenets fond om eit restaureringsprosjekt. (Foto: Nettverk Sunnmøre)

Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Konkurs etter stort restaureringsprosjekt

Strid om betaling for restaureringen av Vereide prestegard i Gloppen førte byggmesterfirmaet Inge Kolås AS til skifteretten. Nå føler Ørsta-bedriften seg lurt av Opplysningsvesenets Fond.

Dette melder dagleg leiar Inge Kolås sjølv i ei pressemelding, skriver lokalavisa Mørenytt.
k
Les også tilsvaret fra byggherren Opplysningsvesenets Fond: – Ble ikke varslet om overskridelser

Holder tilbake 5,7 millioner

Byggmeisterfirmaet er svært anerkjent for sin seriøsitet og kvaliteten på sitt arbeide og har vore nominert til Bygg og Bevar-prisen.
Gloppen prestebustad, Vereide i Sandane. (Foto: Opplysningsvesenets fond)

– Inge Kolås AS har hatt pågåande eit byggeprosjekt i over ein treårsperiode på Vereide prestegard. OVF held tilbake 5,7 millionar kroner på dette prosjektet, då dei meiner prosjektet er for dyrt, og at vi har varsla for seint om desse kostnadane. Vi har i lengre tid forsøkt å finne ei forhandlingsløysing, utan å lukkast. Dessverre vert då dette slik at Inge Kolås AS går konkurs i dag, seier Kolås i pressemeldinga.

Han og firmaet kjenner seg lurt av Opplysningsvesenets fond, heter det i pressemeldinga.

– Det er trist og vemodig at vi har hamna i denne situasjonen. Det er svært trist at dette har medført at fleire som var aktørar inne på Vereide har tapt store pengar på dette. Utan desse aktørane sin innsats på dette freda og staselege bygget, ja, så hadde ikkje prestebustaden vorte restaurert i det heile, seier Kolås.

 

Gir seg ikke

– Eg oppretta i fjor eit firma, Byggmeister Inge Kolås AS. Dette nye firmaet er allereie i sving og alt mannskap som tidlegare var i Inge Kolås AS, er no engasjert hos Byggmeister Inge Kolås AS. Det er eigentleg kompetansen av dei tilsette som er den største ressursen i eit slikt type firma. Eg er svært nøgd med at dei er vidare med i ny drift og ny framtid, seier Kolås.

– Byggmeister Inge Kolås AS vil betjene dei noverande og framtidige kundar med same type glød som vårt mannskap alle tider har forsøkt å gjere, heiter det i pressemeldinga.

Den freda prestebustaden frå 1782 blir sett på som eit svært verdfullt kulturminne. Eigaren, Opplysningsvesenets Fond, rangerer det som den største prestebustaden i Bjørgvin og setter den svært høgt mellom prestegardane sine.

Totalt var det sett av kring fem millionar kroner til restaureringsarbeidet ifølge fondet.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *