I 2006 var det ei nettoinnvandring til Noreg på 23.700 personar. Dette er den høgaste innvandringa til Noreg nokon sinne. Polakkar utgjer den største gruppa av innvandrarane i fjor.
Tal frå Utlendingsdirektoratet viser at det i løpet av dei tre første månadene i år blei gitt 13.800 arbeidsløyve til borgarar frå dei nye EU-landa. Dette er ein auke på 54 prosent i høve til same tid i fjor.
Auken i talet på arbeidsløyve tyder på at tilstrøyminga av utanlandsk arbeidskraft held fram. Arbeidsinnvandringa har sikra arbeidskraft først og fremst til bygg og anlegg og til industrien, fastslår rapporten.
B/A treng flest
Nav sin bedriftsundersøkelse for 2007 viser at det er stor mangel på arbeidskraft innan mange yrke. Mangelen summerer seg i år til 88.000 personar. Dette er 28.000 fleire enn det som kom fram i fjorårets bedriftsundersøkelse.
Bygg og anlegg er den næringa som treng flest, den manglar 21.500 arbeidstakarar. Samstundes var 3.855 heilt arbeidslause i same næring.
Lågaste på 19 år
Arbeidsløysa er på det lågaste nivået på 19 år, samstundes som det er lyst ut mange ledige stillingar. Nav sin årlege bedriftsundersøkelse stadfestar at det er mangel på arbeidskraft i mange sektorar. Vi må tilbake til 1998 for å finna like stor mangel på arbeidskraft, målt ved Nav sin bedriftsundersøkelse, framgår det av ei pressemelding.
Den høge arbeidsinnvandringa vi har i denne oppgangskonjunkturen har utvida produksjonskapasiteten og vore med på å dempa presset på arbeidsmarknaden.
Etter kvart vil mangel på arbeidskraft og høgare løner dempa etterspurnaden etter arbeidskraft. Sysselsetjinga vil venteleg auka med 50.000 i år og ytterlegare 25.000 i 2008. Vi ventar at den registrerte arbeidsløysa vil bli 48.000 i gjennomsnitt for 2007, ein nedgang på 15.000 personar i høve til i fjor.