Byggjekostnadene for einebustader av tre steig med 1,2 prosent, medan bustadblokker auka med 1,0 prosent frå september til oktober i år.
Dyrare material
Materialkostnadene auka med respektive 1,9 og 1,6 prosent i same periode. Det er materialkostnadene til tømring og snikring som bidreg mest til denne veksten.
Frå oktober i fjor til oktober i år steig byggjekostnadene for bustader med 4,7 prosent, medan materialkostnadene auka med 5,1 prosent i same periode.
Kostnadene for bustadblokker steig med 5,1 prosent, mens einebustader av tre auka med 4,5 prosent. Materialkostnadene steig med respektive 5,6 og 4,9 prosent siste året.