Ho er med andre ord utålmodig også på dette området, ikkje berre når det gjeld byggjing av passivhus.
Statsråden kom med denne oppmodinga i eit møte med leiinga i NBBL (Norske Boligbyggelag).
Reglene blir stramma inn
I dei nye byggjereglene som etter planen skal gjelde frå 1. juli i år, er krava til tilgjenge skjerpa. Mellom anna skal både arbeidsbygg og publikumsbygg vere universelt utforma. Statsråden varslar at det også vil kome strengare krav til tilgjenge i bustadbygg, men meiner bustadbyggelaga med fordel kan føregripe desse krava og starte arbeidet med å byggje godt tilgjengelege bustader allereie no.
– Det er for få bustader for menneske med nedsett funksjonsevne. Samstundes blir det stadig fleire eldre som treng tilpassa bustader. Difor oppmodar eg bustadbyggelag og burettslag over heile landet til å tenkje framtidsretta og satse meir på universell utforming når dei byggjer nytt, rehabiliterer og pussar opp, seier Navarsete i ei pressemelding.
– Mange av oss vil oppleve noko som kan gjere bustaden vår mindre brukeleg, ikkje minst når vi når godt vaksen alder. Skal vi møte det auka talet på eldre i samfunnet på ein verdig og samfunnsøkonomisk god måte, må vi syta for at folk kan bu heime så lengje dei ynskjer og er i stand til det, seier Navarsete.
NBBL tar eigne tak
Statsråden ser positivt på at NBBL sjølv har definert berekraftig utbetring og modernisering av eksisterande burettslag som hovudsatsingsområde i åra som kjem, og minner om at mange kan få gode låne- og tilskotsordningar i Husbanken viss dei byggjer bustader med god tilgjenge.