F-35 tek av på Ørland. (Foto: Torbjørn Kjosvold, Forsvaret)

Artikkelen ble publisert for over 1 år siden. Tekniske egenskaper, priser og andre fakta kan ha endret seg siden publisering.

Snur og tilbyr hytter støytiltak

Kommunal- og moderniseringsdepartementet konkluderer med at fritidsbustader rundt Ørland flystasjon vil ha krav på støyisolerande tiltak.

Forsvarsbygg har i oppdraget med å byggje ut Ørland flystasjon ansvar for å teke hand om eigedommar utanfor flystasjonen. Vi arbeider etter vedteke reguleringsfråsegner for Ørland flystasjon og har tilbode alle bustader i gul støysone synfaring for støyreduserande tiltak.

Les også: Dette holder ikke på Ørlandet

Snur i saken

I utgangspunktet har fritidsbustader ikkje vert omfatta i reguleringsfråsegnene som bygg som skal vurderast støytiltak. Ørland kommune har på si side tolka fråsegnene slik at fritidsbustader skal vurderast for tiltak. Forsvarsbygg føretok ein ekstra gjennomgang av både reguleringsplan, retningslinjer og statleg praksis i for eit år tilbake og konkluderte med utgangspunktet ominga støytiltak på fritidsbustader.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har no hatt tolkinga av avgjerda opp til vurdering.

Innandørs lydnivå òg for fritidsbustader

KMD konkluderer med at fritidsbustader rundt flystasjonen vil ha krav på støyisolerande tiltak. Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser til ordlyden i reguleringsfråsegnene og meiner at kravet til innandørs lydnivå omfattar både bustader, fritidsbustader og annan busetnad med støysensitivt nytteføremål.

Dette er i tråd med oppfatninga til kommunen.

Når det gjeld om det skal gjennomførast tiltak på fritidsbustader som sikrar lydklasse C eller D skriv KMD at dette er avhengig av bygningstekniske tilhøve og eit forsvarleg kost nytte-tilhøve. Forsvarsbygg vil kontakta kommunen for å avklara nærare detaljar.

– Det er positivt at det har kome ei endeleg avgjerd i saka, då det har vore mange som har venta på ein avklaring. Vi er òg glade på vegne av eigarane av aktuelle fritidsbustader. Vi må no sjå nærare på avgjerda og ynskjer å gå raskt i gang for å oppfylla reguleringsfråsegnene, seier eigedomssjef i Forsvarsbygg kampflybase, Carl Oscar Pedersen, men understrekar òg at det kan ta tid å koma i gang, då dette er første gong det skal gjennomførast kost/nytte-vurderingar for fritidsbustader.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *